Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Esra

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Forrige kapittelNeste kapittel

Esra reiser til Jerusalem
7Seinare, då Artaxerxes var konge i Persia, hende det at Esra – han var son til Seraja, son til Asarja, son til Hilkia,  2 son til Sjallum, son til Sadok, son til Ahitub,  3 son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,  4 son til Serahja, son til Ussi, son til Bukki,  5 son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten,  6 – at denne Esra drog opp frå Babel. Han var ein skrivar som var kunnig i Moselova, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Fordi Herren hans Gud heldt si hand over han, gav kongen han alt han bad om.  7 Nokre av israelittane og nokre prestar, levittar, songarar, portvakter og tempeltenarar drog opp til Jerusalem i det sjuande året Artaxerxes var konge.  8 Esra kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.  9 På den første dagen i den første månaden byrja reisa frå Babel, og på den første dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. Esras Gud heldt si gode hand over han. 10 For Esra la heile sitt hjarte i å granska Herrens lov, følgja henne og læra Israel lov og rett.
   
11 Dette er ei avskrift av det dokumentet som kong Artaxerxes gav til presten og skrivaren Esra, som var skriftlærd i Herrens bod og forskrifter for Israel:
        
12 «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, skriftlærd i lova frå himmelens Gud. Ver helsa!
   
13 Dette påbodet gjev eg: Alle i mitt rike av Israelsfolket, også prestar og levittar, som vil reisa til Jerusalem saman med deg, kan få reisa. 14 For du er send av kongen og dei sju rådgjevarane hans for å granska tilhøva i Juda og Jerusalem ut frå din Guds lov, som du har i di hand. 15 Du skal ta med deg sølv og gull som kongen og hans rådgjevarar frivillig har gjeve til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem, 16 og alt sølvet og gullet som du finn i heile provinsen Babel, saman med dei gåvene som folket og prestane frivillig gjev til Guds hus i Jerusalem. 17 For desse pengane skal du samvitsfullt kjøpa oksar, vêrar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Og du skal ofra dette på altaret i dykkar Guds hus i Jerusalem. 18 Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka slik de meiner er godt etter dykkar Guds vilje. 19 Men det utstyret som du har fått til tenesta i Guds hus, skal du overlevera framfor Jerusalems Gud. 20 Resten av det som trengst i huset til din Gud, og som det fell på deg å skaffa, skal du få frå kongens skattkammer.
   
21 Eg, kong Artaxerxes, byd alle skattmeistrane i provinsen Bortanfor Eufrat: Alt det presten Esra, skriftlærd i lova til himmelens Gud, bed dykk om, skal han få fullt ut: 22 inntil 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha. 23 Alt himmelens Gud byd, skal de gjera med iver for hans hus. Elles skal vreide koma over riket til kongen og sønene hans. 24 Vi kunngjer for dykk at verken skatt, toll eller avgifter kan leggjast på nokon av prestane, levittane, songarane, portvaktene, tempeltenarane eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.
   
25 Og du, Esra, med visdom frå din Gud i hendene dine: Set inn skrivarar og dommarar til å dømma mellom alt folket i provinsen Bortanfor Eufrat, alle som kjenner lovene til din Gud. Og den som ikkje kjenner dei, skal de undervisa. 26 Og kvar den som ikkje følgjer lova til din Gud og lova til kongen, skal få ein dom som svarar til lovbrotet, anten dødsstraff, landlysing, bot eller fengsel.»
        
27 «Velsigna er Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem, 28 og som lét meg få velvilje hos kongen og rådgjevarane hans og hos alle kongens mektige menn. Eg tok mot til meg, for Herren min Gud heldt si hand over meg, og eg samla nokre av Israels leiarar til å dra opp saman med meg.»
Forrige kapittelNeste kapittel

18. januar 2022

Dagens bibelord

Markus 2,23–28

Les i nettbibelen

23Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» ... Vis hele teksten

23Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»