Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Paulus blir godteken av dei andre apostlane
2Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.  2 Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.  3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.  4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.  5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.  6 Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg.  7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.  8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.  9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne. 10 Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.
Både jødar og heidningar blir rettferdige ved tru
11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han. 12 Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne. 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15 Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig. 17 Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar. 19 Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

01. juli 2022

Dagens bibelord

Josva 24,19–28

Les i nettbibelen

19Josva sa til folket: «Dere makter ikke å tjene Herren, for han er en hellig Gud. Han er en nidkjær Gud, som ikke bærer over med deres lovbrudd og synder. ... Vis hele teksten

19Josva sa til folket: «Dere makter ikke å tjene Herren, for han er en hellig Gud. Han er en nidkjær Gud, som ikke bærer over med deres lovbrudd og synder. 20Hvis dere forlater Herren og dyrker fremmede guder, vil han igjen føre ulykke over dere og gjøre ende på dere, hvor mye godt han enn har gjort mot dere før.» 21Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tjene.» 22Da sa Josva til dem: «Så er dere vitner mot dere selv at dere har valgt Herren og vil tjene ham.» De svarte: «Vi er vitner!» 23Da sa Josva: «Skill dere av med de fremmede gudene som finnes hos dere, og vend deres hjerte mot Herren, Israels Gud!» 24Folket sa til Josva: « Herren vår Gud vil vi tjene, hans stemme vil vi lyde.» 25Den dagen sluttet Josva en pakt for folket og fastsatte lov og rett for dem i Sikem. 26Han skrev disse ordene opp i Guds lovbok. Så tok han en stor stein og reiste den der, under eika som står ved Herrens helligdom. 27Og Josva sa til hele folket: «Se, denne steinen skal være et vitne mot oss, for den har hørt hvert ord som Herren har sagt til oss. Den skal vitne mot dere, så dere ikke fornekter deres Gud.» 28Så lot Josva folket gå, hver til sin eiendom.