Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Lov eller tru – forbanning eller velsigning
3Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste?  2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?  3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?  4 Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?  5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?  6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.  7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.  8 Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.  9 Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 12 Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.
Lovnaden står over lova
15 Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske. 16 Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, « til di ætt», og det er Kristus. 17 Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig. 18 Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.
   
19 Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. 20 Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. 21 Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova. 22 Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.
   
23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26 De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29 Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

07. desember 2022

Dagens bibelord

Markus 1,6–8

Les i nettbibelen

6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. ... Vis hele teksten

6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,6–8

Les i nettbibelen

6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. ... Vis hele teksten

6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,6–8

Les i nettbibelen

6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. ... Vis hele teksten

6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”