Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Tårnet i Babel 11Heile verda hadde same språk og same ord. 2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!» 5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda. Slekta til Sem 10 Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen. 11 Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer. 12 Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah. 13 Og etter at han hadde fått Sjelah, levde Arpaksjad endå 403 år og fekk søner og døtrer. 14 Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber. 15 Og etter at han hadde fått Eber, levde Sjelah endå 403 år og fekk søner og døtrer. 16 Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg. 17 Og etter at han hadde fått Peleg, levde Eber endå 430 år og fekk søner og døtrer. 18 Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u. 19 Og etter at han hadde fått Re'u, levde Peleg endå 209 år og fekk søner og døtrer. 20 Då Re'u var 32 år, fekk han sonen Serug. 21 Og etter at han hadde fått Serug, levde Re'u endå 207 år og fekk søner og døtrer. 22 Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nahor. 23 Og etter at han hadde fått Nahor, levde Serug endå 200 år og fekk søner og døtrer. 24 Då Nahor var 29 år, fekk han sonen Tarah. 25 Og etter at han hadde fått Tarah, levde Nahor endå 119 år og fekk søner og døtrer. 26 Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nahor og Haran. Tarahs slekt 27 Dette er slektshistoria til Tarah. Tarah fekk sønene Abram, Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28 Haran døydde hos Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, Ur i Kaldea. 29 Abram og Nahor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai. Kona til Nahor heitte Milka og var dotter til Haran, far til Milka og Jiska. 30 Sarai var barnlaus, ho kunne ikkje få born. 31 Tarah tok med seg sonen Abram og sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til son hans, Abram. Saman forlét dei Ur i Kaldea for å dra til landet Kanaan. Men då dei kom til Harran, slo dei seg ned der. 32 Tarah levde i 205 år. Så døydde Tarah i Harran. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”