Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Herren gjer pakt med Abram 15Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!» 2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.» 3 Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.» 4 Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.» 5 Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.» 6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd. 7 Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.» 8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?» 9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.» 10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to. 11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort. 12 Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han. 13 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år. 14 Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte. 15 Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd. 16 I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.» 17 Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka. 18 Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat, 19 landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane, 20 hetittane, perisittane og refaittane, 21 amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.» |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”