Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Mosebok

16

Hagar og Ismael

1 Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar. 2 Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa. 3 Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan. 4 Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si. 5 Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!» 6 Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.

7  Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur. 8 Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.» 9 Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!» 10  Herrens engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» 11 Så sa Herrens engel til henne:

«Sjå, du er med barn

og skal føda ein son.

Han skal du kalla Ismael,

for Herren har høyrt at du vart audmjuka.

12 Han skal bli eit villesel av eit menneske.

Handa hans skal vera vend mot alle

og alle hender mot han.

Rett imot alle slektningane sine

skal han slå seg ned.»

13 Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» 14 Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.

15 Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael. 16 Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.