Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
2Så var himmelen og jorda fullførte, med heile sin hær.  2 Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort.  3 Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.
Mennesket i Edens hage
 4 Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen.  5 Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne.  6 Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata.  7 Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.
   
 8 Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.  9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.
   
10 Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner. 11 Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull. 12 Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der. 13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj. 14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
   
15 Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han. 16 Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.»
   
18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» 19 Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn. 20 Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.
   
21 Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt. 22 Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.
   
23 Då sa mannen:
          «No er det bein av mine bein
          og kjøt av mitt kjøt.
          Ho skal kallast kvinne,
          for av mannen er ho teken.»
24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.
   
25 Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre.

   
< Forrige kapittelNeste kapittel >

14. august 2022

Dagens bibelord

1. Mosebok 33,1–11

Les i nettbibelen

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. ... Vis hele teksten

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10«Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.