Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Abraham kjøper gravstad ved Hebron 23Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho. 2 Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne. 3 Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane: 4 «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg få kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, så eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.» 5 Hetittane svara Abraham: 6 «Høyr på oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.» 7 Då reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet. 8 Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar, 9 så han lèt meg få Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal få full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.» 10 No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten: 11 «Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!» 12 Då bøygde Abraham seg for folket i landet 13 og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.» 14 Efron svara Abraham: 15 «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!» 16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel. 17 Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk, 18 skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten. 19 Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan. 20 Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”