Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Jakob hos Laban 29Så drog Jakob vidare og kom til landet der folka i aust bur. 2 Då fekk han auge på ein brønn på marka og tre saueflokkar som låg omkring han; for av den brønnen gav dei buskapen vatn. Over opninga låg det ein stor stein. 3 Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen bort frå brønnopninga og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att. 4 Jakob spurde gjetarane: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Harran», sa dei. 5 Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nahor?» Dei svara: «Ja, han kjenner vi.» 6 «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!» 7 Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!» 8 Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.» 9 Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette. 10 Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka. 11 Så kyste han Rakel og brast i gråt. 12 Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin. 13 Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane rundt han og kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt. 14 Då sa Laban til han: «Du er jo av same bein og kjøt som eg!» Så vart Jakob verande hos han ein månads tid. Jakob og Rakel 15 Ein dag sa Laban til Jakob: «Sjølv om du er slektningen min, skal du ikkje arbeida for meg utan betaling. Sei meg kva du vil ha i løn!» 16 No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. 17 Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker. 18 Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.» 19 Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!» 20 Så arbeidde Jakob i sju år for Rakel. I hans auge var åra som nokre få dagar, så glad var han i henne. 21 Jakob sa til Laban: «Gjev meg no kona mi så eg kan gå inn til henne, for eg har tent mi tid!» 22 Då samla Laban alt folket der på staden og laga til festmåltid. 23 Om kvelden tok han dottera Lea og førte henne til Jakob, og han gjekk inn til henne. 24 Laban sette Silpa, slavekvinna si, til å tena hos Lea. 25 Men då det vart morgon, sjå, då var det Lea! Han sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hos deg? Kvifor har du narra meg?» 26 Laban svara: «Vi gjer det ikkje slik her hos oss at vi gjev bort den yngste før den eldste. 27 Lat bryllaupsveka gå til ende, så skal du få den andre òg, mot at du arbeider hos meg i sju år til!» 28 Jakob så gjorde. Han lét bryllaupsveka gå til ende, og Laban gav han dottera Rakel til kone. 29 Laban sette Bilha, slavekvinna si, til å tena hos Rakel. 30 Så gjekk Jakob inn til Rakel òg, og han elska Rakel meir enn Lea. Sidan arbeidde han hos Laban i sju år til. Sønene til Jakob 31 Då Herren såg at Lea ikkje vart elska, opna han morslivet hennar; men Rakel var barnlaus. 32 Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.» 33 Ho vart med barn ein gong til og fødde ein son. Då sa ho: « Herren har høyrt at eg ikkje vart elska; no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simon. 34 Sidan vart ho med barn att og fødde ein son. Då sa ho: «No må då mannen min bli knytt til meg, sidan eg har fødd han tre søner.» Så kalla ho han Levi. 35 Endå ein gong vart ho med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Denne gongen vil eg takka Herren.» Difor kalla ho han Juda. No fekk ho ikkje fleire born. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”