Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
3Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»  2 Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen.  3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.»  4 Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy!  5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.»  6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.  7 Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.
   
 8 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.  9 Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?» 10 Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.» 11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12 Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13 Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»
          
   
14 Då sa Herren Gud til slangen:
          «Forbanna er du,
          utstøytt frå alt fe og alle ville dyr
          fordi du gjorde dette.
          På buken skal du krypa,
          og støv skal du eta alle dine levedagar.
          
   
15 Eg vil setja fiendskap
          mellom deg og kvinna,
          mellom di ætt og hennar ætt.
          Han skal råka hovudet ditt,
          men du skal råka hælen hans.»
          
   
16 Til kvinna sa han:
          «Tungt vil eg gjera ditt strev
          når du er med barn,
          med smerte skal du føda.
          Etter mannen din skal du trå,
          og han skal herska over deg.»
          
   
17 Og til mannen sa han:
          «Fordi du høyrde på kvinna
          og åt av treet
          som eg forbaud deg å eta av,
          er jorda forbanna for di skuld.
          Med strev skal du næra deg av henne
          alle dine levedagar.
          
   
18 Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,
          og du skal eta det som veks på marka.
          
   
19 Med sveitte i andletet
          skal du eta ditt brød,
          heilt til du vender attende til jorda,
          for av henne er du teken.
          Støv er du,
          og til støv skal du venda attende.»
        
20 Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever. 21 Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.
   
22 Herren Gud sa: «Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!» 23 Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av. 24 Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

14. august 2022

Dagens bibelord

1. Mosebok 33,1–11

Les i nettbibelen

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. ... Vis hele teksten

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10«Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.