Gå til forsiden

Første Mosebok

32 

1 Jakob drog òg vidare, og Guds englar kom til møtes med han. 2 Med det same Jakob fekk auge på dei, sa han: «Dette er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim.

Jakob førebur seg til å møta Esau

3 Jakob sende bodberarar føre seg til Esau, bror sin, i Se'ir-landet, på markene i Edom. 4 Han baud dei: «Dette skal de seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hos Laban og vore der til no. 5 Eg har fått oksar, esel og småfe, slavar og slavekvinner. No sender eg bod og gjer dette kjent for herren min, i von om at du vil sjå på meg med velvilje.»

6 Bodberarane kom tilbake til Jakob og sa: «Vi møtte Esau, bror din, og no kjem han imot deg med fire hundre mann.» 7 Då vart Jakob gripen av redsle og angst. Han delte folket som var med han, og småfeet, storfeet og kamelane, i to leirar. 8 For han tenkte: «Om Esau kjem over den eine leiren og går til åtak, kan dei som er i den andre leiren, sleppa unna.»

9 Så bad Jakob: «Du min far Abrahams Gud, du min far Isaks Gud! Herre, du som sa til meg: Dra tilbake til landet ditt og slekta di, så skal eg gjera vel imot deg! 10 Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist tenaren din. For med berre staven min gjekk eg over Jordan, og no har eg to leirar. 11 Berg meg frå handa til Esau, bror min! Eg er redd han. Han kan koma og slå i hel meg og mine, både mor og born. 12 Du sa at du ville gjera vel imot meg og la ætta mi bli som havsens sand, som ingen kan telja.» 13 Og han var der den natta.

Av det han eigde, tok han ut ei gåve til bror sin, Esau: 14 to hundre geiter og tjue bukkar, to hundre sauer og tjue vêrar, 15 tretti kamelar som gav mjølk, og føla deira, førti kyr og ti oksar, tjue eselhopper og ti esel. 16 Han gav dyra til slavane sine, flokk for flokk, og sa til dei: «Dra føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom kvar flokk!»

17 Så sa han til den første slaven: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv, 18 då skal du svara: Jakob, tenaren din, og dette er ei gåve han sender til herren min, Esau. Snart kjem han sjølv etter.» 19 Også den andre og den tredje slaven og alle dei andre som følgde med flokkane, baud han å seia det same til Esau når dei møtte han: 20 «Og de må seia at snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidgjera han med den gåva som kjem i førevegen. Når eg sidan møter han andlet til andlet, vil han kanskje ta venleg imot meg.»

Jakobs kamp

21 Så drog slavane i førevegen med gåva, medan Jakob vart verande i leiren om natta. 22 Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok. 23 Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.

24 Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde. 25 Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa. 26 Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» 27 «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han. 28 Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.» 29 Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

30 Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet.» 31 Sola gjekk opp over han då han kom framom Penuel, og han halta på grunn av hofta. 32 Difor er det slik den dag i dag at israelittane ikkje et muskelen over hofteskåla, for mannen gav Jakob eit slag over hofteskåla, på muskelen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.