Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jakob møter Esau
33Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene.  2 Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist.  3 Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin.  4 Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.  5 Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.»  6 Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda.  7 Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
   
 8 Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han.  9 Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10 «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11 Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.
   
12 Då sa Esau: «Lat oss bryta opp og dra vidare, så skal eg dra rett framanfor deg.» 13 Men Jakob svara: «Min herre veit at borna er veike, og eg må tenkja på småfeet og storfeet som gjev mjølk. Driv ein dei for hardt berre éin dag, døyr alt småfeet. 14 Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.» 15 Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»
   
16 Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir. 17 Jakob drog til Sukkot og bygde seg eit hus der. Han laga lauvhytter til buskapen sin, difor kalla han staden Sukkot.
   
18 Jakob kom vel fram til byen Sikem, som er i landet i Kanaan, då han kom frå Paddan-Aram. Han slo leir utanfor byen. 19 Jordstykket der han hadde sett opp teltet sitt, kjøpte han for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem. 20 Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

10. juni 2023

Dagens bibelord

Johannes 3,22–30

Les i nettbibelen

22Etter dette dro Jesus og disiplene hans videre til Judea. Der ble han nå en tid sammen med dem og døpte. 23Johannes døpte også, i Ainon ved Salim. For det var mye vann der, og folk kom dit og ble døpt. 24Dette var før Johannes ble kastet i fengsel. ... Vis hele teksten

22Etter dette dro Jesus og disiplene hans videre til Judea. Der ble han nå en tid sammen med dem og døpte. 23Johannes døpte også, i Ainon ved Salim. For det var mye vann der, og folk kom dit og ble døpt. 24Dette var før Johannes ble kastet i fengsel. 25Disiplene til Johannes kom nå i diskusjon med en jøde om renselsen. 26De gikk til Johannes og sa til ham: «Rabbi, han som var sammen med deg på den andre siden av Jordan, og som du vitnet om, han døper nå, og alle går til ham.» 27Johannes svarte: «Et menneske kan ikke få noe uten at det blir gitt ham fra himmelen. 28Dere er selv mine vitner på at jeg sa: Jeg er ikke Messias, men jeg er sendt i forveien for ham. 29Den som har bruden, han er brudgom. Men brudgommens venn som står og hører på ham, gleder seg stort over å høre brudgommens stemme. Denne gleden er nå blitt min, helt og fullt. 30Han skal vokse, jeg skal avta.

Dagens bibelord

Johannes 3,22–30

Les i nettbibelen

22Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. ... Vis hele teksten

22Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30Han skal veksa, eg skal minka.

Dagens bibelord

Johannes 3,22–30

Les i nettbibelen

22Das maŋŋil Jesus vulggii máhttájeddjiidisguin Judeai. Son orui doppe singuin muhtun áiggi ja gásttašii. 23Maiddái Johannes gásttašii; son lei Ainonis, Salima lahka, danin go doppe lei ollu čáhci, ja olbmot bohte dohko gásttašuvvot. ... Vis hele teksten

22Das maŋŋil Jesus vulggii máhttájeddjiidisguin Judeai. Son orui doppe singuin muhtun áiggi ja gásttašii. 23Maiddái Johannes gásttašii; son lei Ainonis, Salima lahka, danin go doppe lei ollu čáhci, ja olbmot bohte dohko gásttašuvvot. 24Dasgo Johannes ii lean oainnat vel bálkestuvvon giddagassii. 25De čuožžilii nággu buhtástusas Johannesa máhttájeddjiid ja muhtun juvddálaččaid gaskii. 26Máhttájeaddjit manne Johannesa lusa ja dadje: “Rabbi, dál lea gásttašišgoahtán maiddái dat olmmái gii lei duinna don bealde Jordana ja gean birra don duođaštit, ja buohkat mannet su lusa.” 27Johannes vástidii: “Ii oktage oaččo maidege jos dat ii addojuvvo sutnje almmis. 28Dii sáhttibehtet ieža duođaštit ahte mun celken: ‘In mun leat Messias. Mun lean vuolggahuvvon mannat su ovdal.’ 29Irgi lea dat geas lea moarsi. Muhto irggi ustit gii čuožžu ja guldala su, illuda go gullá su jiena. Nu illudan munge, ja mu illu lea dál šaddan ollisin. 30Son ferte stuorrut, muhto mun uhccut.