Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Guds folk har ei kvile i vente 4Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld. 2 For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det. 3 Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile! Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar. 5 Men her seier han: « Aldri skal dei koma inn til mi kvile!» 6 Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt. 8 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. 11 Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad. 12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. 13 Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for. JESUS, DEN STORE ØVSTEPRESTEN (4,14–10,18) Prøvd i alt 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
30. mars 2023
12Vaktstyrken, kommandanten og jødenes vaktmenn grep nå Jesus, bandt ham 13og førte ham først til Annas. Han var svigerfar til Kaifas, som var øversteprest det året. 14Det var Kaifas som hadde gitt jødene det rådet at det var best om ett menneske døde for folket.
12Vaktstyrken, kommandanten og jødenes vaktmenn grep nå Jesus, bandt ham 13og førte ham først til Annas. Han var svigerfar til Kaifas, som var øversteprest det året. 14Det var Kaifas som hadde gitt jødene det rådet at det var best om ett menneske døde for folket.
12Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han. 13Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. ... Vis hele teksten
12Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han. 13Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. 14Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
12Fávttat, sin oaivámuš ja olbmát geaid juvddálaččat ledje vuolggahan, dohppejedje dál Jesusa, čatne su 13ja dolvo su vuos Hannasa lusa. Son lei dan jagáš bajimusbáhpa Kaifasa vuohppa. ... Vis hele teksten
12Fávttat, sin oaivámuš ja olbmát geaid juvddálaččat ledje vuolggahan, dohppejedje dál Jesusa, čatne su 13ja dolvo su vuos Hannasa lusa. Son lei dan jagáš bajimusbáhpa Kaifasa vuohppa. 14Aiddo Kaifas lei addán juvddálaččaide neavvaga ahte livččii buoremus, jos okta olmmái jámášii oppa álbmoga ovddas.