Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Brevet til hebrearane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Melkisedek – konge og prest
7Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Gud, Den høgste. Han kom og møtte Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane,  2  og Abraham gav han tiend av alt. Han er for det første Melkisedek, namnet tyder «rettferds konge», dernest er han konge i Salem, det vil seia fredens konge.  3 Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans ingen ende. Slik er han lik Guds Son; han er og blir prest for alltid.
   
 4 Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet.  5 Dei av Levis søner som blir prestar, skal etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne sysken, sjølv om dei stammar frå Abraham.  6 Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader.  7 No kan ingen nekta for at det er den mindre som blir velsigna av den større.  8 Elles er det dødelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.  9 Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend. 10 For enno ufødd var han i sin stamfar då Melkisedek gjekk til møtes med han.
Prestedømet som ikkje byggjer på lova
11 Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron? 12 Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra. 13 For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret. 14 Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.
   
15 Alt dette blir endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. 16 Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv. 17 Han får då dette vitnemålet:
           Du skal til evig tid vera prest
           av same slag som Melkisedek.
18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi. 19 For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.
Kristus er prest til evig tid
20 Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier:
           Herren har svore og angrar det ikkje:
           Du skal til evig tid vera prest.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
   
23 Dessutan har det vore fleire slike prestar, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, fordi han er og blir til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
   
26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske. Men gjennom ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, blir Sonen innsett, han som for evig har nådd fram til fullendinga.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

31. mars 2023

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. ... Vis hele teksten

6En røst sier: «Rop ut!» Jeg svarer: «Hva skal jeg rope?» «Alle mennesker er gress, all deres troskap er som blomsten på marken. 7Gresset tørker bort, blomsten visner når Herrens ånde blåser på den. Sannelig, folket er gress. 8Gresset tørker bort, blomsten visner, men ordet fra vår Gud står fast for evig.» 9Gå opp på et høyt fjell, du Sions gledesbud! Løft din røst med kraft, Jerusalems gledesbud! Løft din røst, vær ikke redd! Si til byene i Juda: «Se, deres Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. ... Vis hele teksten

6Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. 7Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. 8Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.» 9Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

Dagens bibelord

Jesaja 40,6–9

Les i nettbibelen

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. ... Vis hele teksten

6Jietna dadjá: Sártno! Mun jearan: “Maid mun galggan sárdnut?” – Olmmoš lea dego rássi, nohkavaš nugo gietti lieđđi. 7Rássi goiká, lieđđi goldná go Hearrá vuoiŋŋahat bossu dasa. Duođaid, álbmot lea rássi. 8Rássi goiká, lieđđi goldná, muhto min Ipmila sátni bissu agálaš áigái. 9Goarkŋo alla várrái, Sion, don gii buvttát illusága! Gulat illusága alla jienain, Jerusalem! Čuorvvo, ale bala, gulat Juda gávpogiidda: Din Ipmil boahtá!