Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Den tredje dagen 6Kom, lat oss venda om til Herren! For han reiv sund, men vil gjera oss friske, han slo, men vil forbinda oss. 2 Han gjer oss levande etter to dagar, den tredje dagen reiser han oss opp, så vi kan leva for hans andlet. 3 Lat oss læra å kjenna Herren, lat oss jaga etter å kjenna han! Sikkert som soloppgangen kjem han, han kjem til oss lik regnet, lik vårregnet som væter jorda. Kva skal eg gjera med deg? 4 Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg blir borte. 5 Difor har eg hogge dei ned ved profetane, drepe dei med ord frå min munn. Min dom skal gå opp som lyset. 6 For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer, gudskjennskap framfor brennoffer. 7 Dei braut pakta i Adam, der var dei trulause mot meg. 8 Gilead er ein forbrytarby, full av blodspor. 9 Presteflokken liknar røvarar som ventar på folk, dei myrdar på vegen til Sikem. Ja, skamlaus gjerning har dei gjort. 10 I Israels hus har eg sett grufulle ting, der driv Efraim hor, der gjer Israel seg urein. 11 Også for deg, Juda, er det fastsett ein haust. Israel sviktar Når eg vender lagnaden for mitt folk, |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no