Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

14

Israel kjem heim

1 Men Herren skal miskunna seg over Jakob og atter velja ut Israel og la dei få bu i landet sitt. Framande skal slutta seg til dei og halda seg til Jakobs hus. 2 Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og i Herrens land skal Israels hus gjera dei til sin eigedom, til slavar og slavekvinner. Fangevaktarane skal bli fangane deira, og dei skal herska over undertrykkjarane sine.

Spottevise om kongen av Babel

3 Den dagen Herren lèt deg kvila frå strevet ditt og uroa di og frå det harde slavearbeidet som vart lagt på deg, 4 skal du syngja denne spottevisa om kongen av Babel:


Det er ute med undertrykkjaren,

ute med tyranniet.

5  Herren har knekt staven til dei lovlause,

septeret til herskarane,

6 det som slo folkeslag i harme,

slo utan stans,

som herska over folk i vreide,

forfølgde utan nåde.

7 Heile jorda kviler i ro,

folk bryt ut i jubel.

8 Sjølv sypressane og sedrane på Libanon

gleder seg for di skuld:

«Etter at du fall,

kjem ingen opp og feller oss.»


9 Dødsriket der nede rister

når du kjem.

For di skuld vekkjer det daudingane,

alle som herska på jorda,

og får kongane over alle folkeslag

til å reisa seg frå sine troner.

10 Alle tek dei til ords og seier til deg:

«Så er du òg vorten svak,

du er vorten som ein av oss.»

11 Du som var så stolt,

er støytt ned til dødsriket

med klangen av dine harper.

Ei seng av ormar er reidd opp for deg,

og makk skal vera ditt teppe.


12 Du har falle frå himmelen,

du morgonstjerne,

son til morgonròden!

Du er slengd til jorda,

du som sigra over folkeslag.

13 Det var du som sa i ditt hjarte:

«Til himmelen vil eg stiga opp,

høgare enn Guds stjerner reiser eg mi trone.

Eg tek plass der gudar samlast,

på fjellet lengst i nord.

14 Eg vil stiga opp på haugen av skyer

og gjera meg lik Den høgste.»

15 Men til dødsriket er du støytt ned,

lengst ned i den djupaste hòla.


16 Dei som ser deg, stirer på deg,

ser grundig på deg:

«Er dette den mannen som fekk jorda til å rista

og kongerika til å skjelva,

17 som gjorde verda til ein ørken

og la byane i grus,

som aldri lét fangar venda heim?»

18 Alle kongane over folka kviler

med heider, kvar i sitt hus.

19 Men du er slengd bort og utan grav,

ei vraka spire,

dekt av drepne

som er gjennombora av sverd

og kasta ned i steinhòla

som eit nedtrakka lik.

20 Du får ikkje koma i grav slik som dei,

for landet ditt har du øydelagt,

folket ditt har du slege i hel.


Den slekta som handlar vondt,

skal aldri meir nemnast.

21 Gjer slaktebenken klar til borna

på grunn av synda til fedrane!

Dei skal ikkje stå opp og erobra jorda

og fylla verda med byar.


22 Eg vil stå opp mot dei, seier Herren over hærskarane. Eg vil utsletta Babels namn og rest, både born og etterkomarar, seier Herren. 23 Eg skal gjera byen til ein sump der hegrar held til. Eg skal feia han bort med ein kost som legg øyde, seier Herren over hærskarane.

Assur

24  Herren over hærskarane har svore:

Sanneleg, som eg har tenkt, skal det bli,

og det eg har fastsett, skal skje.

25 Eg vil knusa Assur i landet mitt

og trakka han ned på fjella mine.

Åket hans skal takast frå dei

og børa takast bort frå skuldra deira.

26 Dette er planen som er lagd

for heile jorda,

og dette er handa som er strekt ut

mot alle folkeslag.

27 Når Herren over hærskarane har ein plan,

kven kan hindra den?

Når handa hans er strekt ut,

kven kan venda henne bort?

Filistrane

28 I det året kong Ahas døydde, kom denne bodskapen:


29 Gled deg ikkje, du Filistarland,

over at staven som slo deg, er knekt.

For av røtene til slangen kjem ein giftig orm,

og frukta blir ein flygande seraf.

30 Svake skal beita på enga mi,

trygt skal fattige slå seg ned.

Men eg skal drepa rota di med svolt,

og resten din skal bli slegen i hel.

31 Hyl, du port, og skrik, du by,

skjelv, heile du Filistarland!

For det kjem ein røyk frå nord,

og ingen bryt ut av fiendens rekkjer.

32 Kva svar skal sendeboda frå folka få?

At Herren har grunnlagt Sion,

og der skal dei hjelpelause i folket hans

finna ly.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.