Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jesaja

16 

1 Send eit lam til herskaren i landet,

frå Sela i øydemarka

til fjellet åt dotter Sion!

2 Som flaksande fuglar

jaga frå reiret

skal Moabs døtrer vera

ved Arnons vadestader.

3 «Gjev oss råd og finn ein utveg!

Lat skuggen din bli som natta midt på dagen.

Løyn dei bortdrivne,

svik ikkje dei som har flykta!

4 Lat dei som er drivne bort frå Moab,

få halda til hos deg!

Ver eit ly for dei

mot den som herjar!»


Når undertykkinga er over

og herjinga slutt,

når den som trakkar ned,

er borte frå landet,

5 då skal det av miskunn reisast ei trone,

og på den skal det i truskap sitja

ein dommar i Davids telt,

ein som søkjer rett

og fremjar rettferd.


6 Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,

kor hovmodig, stolt og frekk han er,

kor tomt han skryter.

7 Difor sørgjer Moab over Moab,

alle sørgjer dei,

ja, motlause skal de sukka

over rosinkakene i Kir-Hareset.

8 For vinmarkene i Hesjbon er tørka inn,

og vinstokkane i Sibma.

Herrar over folkeslag vart slegne til jorda

av dei raude druene

som nådde heilt til Jaser

og voks vilt i øydemarka,

rankene spreidde seg

og nådde heilt til sjøen.

9 Difor græt eg med Jaser

over vinstokkane i Sibma.

Eg vatnar deg med tårene mine,

Hesjbon og Elale.

For det er slutt på dei glade ropa

over di frukt og di grøde.

10 Glede og jubel er borte frå hagane,

og på vinmarkene er det ingen

som syng eller ropar.

Ingen trakkar druer i vinpressene,

dei glade ropa har stilna.

11 Difor dirrar mitt indre

som ei lyre for Moab,

mitt hjarte for Kir-Heres.


12 Men når Moab viser seg

og slit seg ut på offerhaugen,

når han går til sin heilagdom for å be,

nyttar det ikkje.


13 Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab. 14 Men no seier Herren: Om tre år, slik som leigefolk reknar åra, skal Moabs ære bli til vanære, så folkerikt det er, og dei få som er att, skal bli maktlause.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.