Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

19

Egypt

1 Bodskap om Egypt.


Sjå, Herren rid på raske skyer

og kjem til Egypt.

Avgudane i Egypt skjelv for han,

og hjartet til egyptarane smeltar i brystet.

2 Eg hissar opp egyptar mot egyptar,

bror skal kjempa mot bror,

mann mot mann,

by mot by,

kongerike mot kongerike.

3 Det er tomt for ånd i egyptarane,

eg gjer ende på planane deira.

Dei vender seg til avgudar og skrømt,

til gjenferd og spådomsånder.

4 Men eg vil gje egyptarane over

i hendene på ein hard herre.

Ein mektig konge skal herska over dei,

seier Herren, allhærs Herre.


5 Då blir vatnet i havet borte,

elva blir tørrlagd, ho tørkar.

6 Elvefara stinkar,

Nilens armar minkar og blir tørrlagde,

røyr og siv visnar.

7 Graset ved munningen av Nilen

og alt som er sådd langs elva,

tørkar, blæs bort og forsvinn.

8 Fiskarane sørgjer,

alle som fiskar med krok i Nilen, klagar,

dei som set garn i vatnet,

visnar bort.

9 Dei som arbeider med lin, blir til skamme,

dei som kardar og vev, blir bleike.

10 Vevarane sturer,

dagarbeidarane er tunge til sinns.


11 Ja, dårar er fyrstane i Soan,

vismennene til farao gjev dumme råd.

Korleis kan de seia til farao:

«Eg er son til vismenn,

son til kongar frå fortida?»

12 Kvar er no vismennene dine?

Lat dei kunngjera og fortelja deg

kva plan Herren over hærskarane

har lagt for egyptarane.

13 Fyrstane i Soan er dårar,

fyrstane i Nof har vorte narra.

Stammehovdingane har ført Egypt vill.

14  Herren har aust ut blant dei

ei ånd som gjer svimmel.

Dei har fått egyptarane til å fara vill

kva dei så gjer,

slik ein drukken går seg vill i sitt eige spy.

15 For egyptarane skal ingenting lukkast,

anten det er hovud eller hale,

palmegrein eller siv som gjer det.


16 Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av frykt fordi Herren over hærskarane har lyft si hand og svingar henne over dei. 17 Juda-landet skal bli til skrekk for egyptarane. Så ofte nokon nemner det, skal dei frykta planen Herren over hærskarane har lagt for dei.


18 Den dagen skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans språk og sver truskap til Herren over hærskarane. Ein av dei skal heita Ir-Haheres.

19 Den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte for Herren ved grensa. 20 Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren over hærskarane i Egypt. Når dei ropar til Herren og klagar over undertrykkjarane, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann, og han skal fria dei ut. 21 Då skal Herren gje seg til kjenne for egyptarane, på den dagen skal egyptarane læra han å kjenna. Dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje lovnader til han og halda dei. 22  Herren skal slå egyptarane, slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han vil høyra bønene deira og lækja dei.

23 Den dagen skal det vera ein hovudveg frå Egypt til Assur. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assur, og Egypt skal tilbe saman med Assur.

24 Den dagen skal Israel, den tredje saman med Egypt og Assur, vera ei velsigning for heile jorda. 25  Herren over hærskarane skal velsigna dei og seia:

Velsigna er Egypt, mitt folk,

Assur, eit verk av mi hand,

og Israel, min eigedom!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.