Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

2

Herrens tempelberg

1 Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:


2 I dei siste dagar skal det skje

at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg

som det høgaste av fjella

og raga over høgdene.

Dit skal alle folkeslag strøyma.

3 Mange folk skal dra av stad og seia:

«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar

og vi kan ferdast på hans stigar.

For lov skal gå ut frå Sion,

Herrens ord frå Jerusalem.»

4 Han skal dømma mellom folkeslag

og skifta rett for mange folk.

Dei skal smi sverda om til plogskjer

og spyda til vingardsknivar.

Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,

ikkje lenger lærast opp til krig.


5 Kom, Jakobs hus,

lat oss vandra i Herrens lys!

Herrens dag

6 Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.

For der er det fullt av spådomar

og av teikntydarar, som hos filistrane,

overalt er det framande.


7 Landet er fullt av sølv og gull,

overalt er det skattkammer.

Landet er fullt av hestar,

overalt er det vogner.

8 Landet er fullt av avgudar,

folk tilbed noko dei sjølve har laga

med sine eigne hender og fingrar.


9 Mennesket er bøygd,

kvar mann er fornedra.

Tilgjev dei ikkje!


10 Gå inn i fjellet, gøym deg i jorda

for redsla som Herren vekkjer,

for hans stordom og velde!

11 Den stolte må slå auga ned,

hovmodet hos menn skal bøyast.

Herren åleine er opphøgd den dagen.

12 For det kjem ein dag frå Herren over hærskarane

då alt som er hovmodig og høgt,

alt som kneisar,

skal fornedrast,

13 alle sedrar på Libanon,

så høge og kneisande dei er,

alle eiker i Basan,

14 alle høge fjell,

alle kneisande høgder,

15 alle opphøgde tårn

og alle festningsmurar,

16 alle Tarsis-skip

og alle herlege skuter.

17 Då blir det stolte mennesket bøygd

og hovmodet hos menn fornedra.

Herren åleine er opphøgd den dagen.

18 Med avgudane er det slutt for alltid.


19 Då skal folk gøyma seg i fjellgrotter og jordhòler

for redsla Herren vekkjer,

for hans stordom og velde

når han reiser seg

for å slå jorda med skrekk.


20 Den dagen skal menneska kasta frå seg

til moldvarp og flaggermus

gudebileta av sølv og gull

som dei har laga seg og tilbed.

21 Dei skal gøyma seg i fjellhòler og bergkløfter

for redsla Herren vekkjer,

for hans stordom og velde

når han reiser seg

for å slå jorda med skrekk.


22 Hald opp med å stola på mennesket

som berre har pust i nasen.

Kva er vel mennesket å rekna for?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.