Gå til forsiden

Jesaja

22

Jerusalem

1 Bodskap om Syne-dalen.


Kva er det med deg?

Kvifor går alle opp på taka?

2 Du som er full av høge rop,

du ståkande by,

du jublande by!

Dine drepne er ikkje drepne med sverd,

dei er ikkje døde i krig.

3 Dine hovdingar flykta, alle som ein.

Utan at bogen vart brukt, vart dei fanga.

Alle dei fann, vart fanga,

endå dei rømde langt av stad.


4 Difor seier eg:

«Sjå ikkje på meg

når eg græt bittert!

Press ikkje på meg trøyst

når dotter til folket mitt er øydelagd.»


5 Ein dag med redsle, nedtrakking og forvirring

frå Herren, allhærs Gud, i Syne-dalen:

Murar vart brotne ned

og skrik lyfte mot fjellet.

6 Elam lyfte pilkoggeret

i tog av vogner, folk og hestar,

og Kir tok dekket av skjolda.

7 Dei finaste dalane dine

vart fulle av vogner og hestar,

dei stilte seg opp ved porten.

8 Då tok han bort vernet frå Juda.

Den dagen såg du etter våpna i Skoghuset.

9 De såg til dei mange rivnene i Davidsbyen,

de samla vatnet i Nedredammen,

10 de talde husa i Jerusalem,

de reiv hus for å styrkja muren,

11 de laga ein dam mellom dei to murane

for vatnet frå Gamledammen.

Men de såg ikkje etter han

som gjorde dette,

de såg ikkje mot han

som planla det for lenge sidan.


12 Den dagen kalla han dykk,

Herren, allhærs Gud,

til å gråta og klaga,

til å raka dykk snaue

og kle dykk i sekkestrie.

13 Men sjå, det er jubel og glede!

De slår i hel oksar og slaktar sauer,

et kjøt og drikk vin.

«Et og drikk, for i morgon døyr vi!»


14 Men Herren over hærskarane

har openberra for mine øyre:

«Sanneleg, denne skulda

blir ikkje sona så lenge de lever!»

seier Herren, allhærs Gud.

Sjebna og Eljakim

15 Så seier Herren, allhærs Gud: Gå inn til denne forvaltaren Sjebna, han som styrer kongens hus!


16 Kva har du her, og kven har du der,

sidan du høgg deg ut ei grav?

Han høgg seg ei grav på ein høg stad,

holar seg ut ein bustad i berget.

17 Sjå, Herren skal slengja deg bort,

ja, slengja deg bort, du mann.

Han skal rulla deg saman,

18 nysta deg til eit nyste,

kasta deg som ein ball

til eit vidstrekt land.

Der skal du døy,

og der skal stasvognene dine enda,

du skam for huset til herren din!

19 Eg vil driva deg bort frå di stilling

og riva deg ned frå din plass.


20 Og den dagen vil eg kalla på

tenaren min, Eljakim, son til Hilkia.

21 Eg vil kle han i di drakt,

spenna ditt belte om han

og leggja di makt i hans hender.

Han skal vera ein far

for innbyggjarane i Jerusalem

og Judas hus.

22 Eg legg nøkkelen til Davids hus

på skuldra hans.

Når han opnar, skal ingen lukka,

og når han lukkar, skal ingen opna.

23 Eg slår han inn som ein knagg

på ein sikker stad.

Han skal bli eit æresete for farshuset sitt.

24 På han skal dei hengja

heile tyngda av farshuset hans,

både spirer og blad,

alle små kar, frå skåler til krukker.

25 Den dagen,

seier Herren over hærskarane,

skal han losna, knaggen

som vart slegen inn på ein sikker stad.

Han skal rivast ut og falla ned,

og det som hang på han, skal knusast.

For Herren har tala.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.