Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

23

Tyros og Sidon

1 Bodskap om Tyros.


Klag, de Tarsis-skip!

Alt utsletta, husa borte!

Då dei kom frå kittearlandet,

fekk dei sjå det.

2 Ver stille, de som bur ved kysten,

de kjøpmenn frå Sidon!

Sendeboda dine drog over havet,

3 over dei veldige vatna.

Sjihors såkorn

og Nilens kornhaust

gav byen inntekt,

han var marknadsplassen til folka.

4 Skam deg, Sidon, du festning ved havet!

For havet seier:

«Eg har ikkje rier og føder ikkje,

eg fostrar ikkje gutar

og oppdreg ikkje jenter.»

5 Når egyptarane får høyra om det,

skal dei skjelva som då dei høyrde om Tyros.

6 Dra over til Tarsis,

klag, de som bur ved kysten!


7 Er dette den jublande byen dykkar,

han som vart til i den eldste tida

og førte sitt folk på raske føter

til fjerne stader der dei kunne bu?

8 Kven har planlagt dette

mot kroningsbyen Tyros,

der kjøpmennene var fyrstar,

der kremmarane var dei fornemste på jorda?

9  Herren over hærskarane har planlagt det

for å audmjuka alt som er stort og stolt,

og vanæra alle dei fornemme på jorda.

10 Dyrk jorda di slik dei gjer langs Nilen,

du Tarsis-dotter!

Her finst ikkje lenger noka hamn.

11  Herren har strekt si hand ut over havet

og fått kongerike til å skjelva.

Han har gjeve påbod om

at festningane i Kanaan skal utslettast.


12 Han sa: Du skal ikkje jubla meir,

dotter Sidon, du mishandla jomfru.

Stå opp og dra til kittearane!

Heller ikkje der skal du finna ro.

13 Sjå kaldearlandet!

Dei er folket, ikkje Assur.

Dei overlét byen til ørkendyr,

dei reiste sine kringsetjingstårn,

jamna borgene med jorda

og la byen i grus.

14 Klag, de Tarsis-skip,

for festninga di er øydelagd.


15 På den tid skal Tyros bli gløymd i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når dei sytti åra er lidne, skal det gå Tyros som det heiter i visa om hora:

16 Ta di lyre og gå rundt i byen,

du gløymde hore.

Spel vakkert,

syng alt du kan,

og folk vil minnast deg.


17 Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyros. Då skal byen atter få horepengar og driva hor med alle kongerike på jorda. 18 Men den vinning og løn som byen får, skal vera heilag for Herren. Det skal ikkje samlast og ikkje gøymast. Dei som bur framfor Herrens andlet, skal få denne fortenesta, så dei kan eta seg mette og kle seg flott.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.