Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

24

Det store omskiftet

1 Sjå, Herren herjar jorda

og legg henne aud,

vrid andletet hennar

og spreier dei som bur der.

2 Då går det folk som prest,

slave som herre,

slavekvinne som husfrue,

kjøpar som seljar,

långjevar som låntakar,

innkrevjar som skuldnar.

3 Herjast, herjast skal jorda

og plyndrast, plyndrast,

for dette ordet har Herren tala.

4 Jorda sørgjer og visnar,

verda tørkar bort og visnar,

både jorda og det høge tørkar bort.

5 Jorda er vanhelga

av dei som bur der.

For dei har sett seg ut over lover,

forandra forskrifter,

brote den evige pakta.

6 Difor blir jorda

fortært av forbanning.

Dei som bur der,

må bøta for si skuld.

Difor brenn dei som bur på jorda,

berre ein liten rest blir att.


7 Den nye vinen sørgjer,

vinstokken tørkar bort,

alle som gledde seg i hjartet, dei sukkar.

8 Dei glade trommene teier,

lyden av jubel stilnar,

den glade lyra teier.

9 Folk drikk ikkje vin til song,

det sterke smakar bittert for den som drikk.

10 Knust er den aude byen,

stengt er kvart hus, ingen slepp inn.

11 I gatene er det klagerop,

dei har ikkje vin,

all glede har mørkna,

fryd er vist bort frå landet.

12 Byen er øydelagd,

porten er knust.

13 For blant folka på jord

skal det bli som når ein slår ned oliven,

som når dei siste druene blir plukka.


14 Dei ropar høgt

og jublar over Herrens velde.

Dei ropar av glede i vest.

15 «Så gjev ære til Herren i aust,

til namnet åt Herren, Israels Gud,

ved kystane i vest!»

16 Frå enden av jorda høyrer vi songar

som prisar Den rettferdige.

Den siste trengsla

Men eg må seia:

Det er ute med meg,

ute med meg, ve meg!

Svikarar svik!

Svik!

Svikarar svik!

17 Det blir gru og grav og garn

for deg som bur på jorda!

18 Den som flyktar frå gru,

skal falla i grav,

kjem han seg opp or grava,

skal han bli fanga i garnet.

For slusene i det høge er opna,

grunnvollane under jorda skjelv.

19 Jorda rivnar og rister,

jorda vaklar og vinglar,

jorda skjelv og skakar,

20 jorda sjanglar som ein drukken

og svaiar som eit skur.

Synda ligg tungt på henne,

ho fell og reiser seg ikkje meir.


21 Den dagen skal Herren straffa

den høge hæren i det høge

og kongane på jorda.

22 Dei skal samlast som fangar i eit hol,

stengjast inne i eit fengsel

og langt om lenge få si straff.

23 Då skal månen bli til spott og sola til skamme.

For Herren over hærskarane er konge

på Sion-fjellet og i Jerusalem.

Hans eldste skal sjå hans herlegdom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.