Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

27 

1 Den dagen skal Herren straffa

med sitt harde og store og sterke sverd

den flyktande slangen Leviatan,

den buktande slangen Leviatan.

Han skal drepa uhyret i havet.

Herren vaktar vingarden sin

2 Den dagen skal dei seia:

Syng om den herlege vingarden!


3 Eg, Herren, vaktar han

og vatnar han til alle tider.

Eg vaktar han dag og natt

så ingen skal skada han.

4 Harm er eg ikkje,

men om han gjev meg torn og tistel,

vil eg gå til strid

og brenna opp alt saman,

5 om han ikkje søkjer vern hos meg

og sluttar fred,

ja, sluttar fred med meg.

Herren skal samla folket sitt

6 I dagar som kjem, skal Jakob slå rot,

Israel skal veksa og bløma

og fylla jorda med grøde.

7 Har han slege dei

slik han slo han som slo dei?

Eller vart dei drepne

slik dei som drap dei, vart drepne?

8 Ved å skremma dei opp og jaga dei bort

gjekk du i rette med dei.

Han dreiv dei bort med sin sterke storm

på austavindsdagen.

9 Slik skal Jakobs skuld sonast,

dette er fruktene av at synda hans blir teken bort:

Kvar altarstein skal bli knust som kalkstein.

Asjera-pålane og røykjelsesaltara

skal ikkje bli ståande.


10 Einsam er festningsbyen,

ein folketom buplass, forlaten som ein ørken.

Der beiter kalven,

han legg seg og et opp kvar kvist.

11 Når greinene tørkar, blir dei knekte.

Kvinner kjem og tenner opp med dei.

Dette er ikkje eit folk med forstand.

Han som laga det, vil ikkje ha medkjensle,

han som forma det, vil ikkje vera nådig.


12 På den dagen skal Herren slå korn ut av aksa

frå Storelva til Egyptarbekken,

og de israelittar skal samlast inn ein og ein.

13 Den dagen skal dei blåsa i eit stort horn.

Og dei bortkomne i Assur

og dei som er spreidde omkring i Egypt,

skal koma og tilbe Herren

på det heilage fjellet i Jerusalem.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.