Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

38

Kong Hiskias sjukdom

1 På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.» 2 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. 3 «Å, Herre», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.

4 Då kom Herrens ord til Jesaja: 5 «Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett dine tårer. Sjå, eg legg endå femten år til levedagane dine. 6 Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen, og eg vil verna denne byen. 7 Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: 8 Eg lèt skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar tilbake, like langt som ho før hadde gått fram.

Hiskias takkesalme

9 Dette skreiv Juda-kongen Hiskia etter at han hadde vore sjuk og hadde vorte frisk att:


10 Eg sa:

Midt i livet må eg gå

til dødsrikeportane.

Der blir eg vakta på

resten av åra mine.


11 Eg sa:

Eg får ikkje sjå Herren,

Herren i landet til dei levande.

Eg får ikkje sjå eit menneske meir

av dei som bur i verda.


12 Min bustad blir broten ned,

teken bort ifrå meg

som teltet til ein gjetar.

Eg rullar saman mitt liv

som ein vevar,

frå renninga

skjer han meg laus.

Før dagen blir natt,

gjer du ende på meg.

13 Eg ropar om hjelp

til morgonen kjem.

Som ei løve knasar han

alle mine knoklar.

Før dagen blir natt,

gjer du ende på meg.


14 Eg pip som svala og trasta,

eg klynkar som ei due.

Hjelpelaus ser eg

mot det høge.

Herre, eg er pressa,

gå god for meg, du!


15 Kva skal eg seia?

Han har tala til meg,

han har gjort sitt.

Bitter til sinns må eg vandra

alle mine år.


16 Herre, ved dette lever dei,

og ved alt dette

lever mi ånd.

Gjer meg frisk

og lat meg leva!


17 Sjå, til fred vart det bitre,

det som var så bittert for meg.

Du har redda mi sjel

frå øydeleggings grav.

For du har kasta alle syndene mine

bak din rygg.


18 Dødsriket takkar deg ikkje,

døden lovsyng deg ikkje,

dei som har gått i grav,

ventar ikkje på din truskap.


19 Den levande,

den levande er det

som takkar deg

slik eg gjer i dag.

Ein far fortel borna sine

om din truskap.


20  Herren vil frelsa meg.

Lat oss spela på harpe

framfor Herrens hus

så lenge vi lever.


21 Jesaja sa: «Hent ei fikenkake og legg henne til plaster på byllen, så blir han frisk!» 22 Då sa Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.