Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

40

Gledebod til Jerusalem

1 Trøyst,

trøyst mitt folk,

seier dykkar Gud.

2 Tal til Jerusalems hjarte

og rop til henne

at hennar strid er fullført,

at hennar skuld er betalt,

at ho har fått dobbelt av Herrens hand

for alle sine synder.


3 Ei røyst ropar:

Rydd Herrens veg i ørkenen,

jamn ut i øydemarka

ein veg for vår Gud!

4 Kvar dal skal hevast,

kvart fjell og kvar haug

skal senkast.

Bakkete land skal bli til slette

og kollane til flat mark.

5  Herrens herlegdom

skal openberra seg,

alle menneske skal saman sjå det.

For Herrens munn har tala.


6 Ei røyst seier: «Rop ut!»

Eg seier: «Kva skal eg ropa?»

«Alle menneske er gras,

all deira truskap

er som blomen på marka.

7 Graset tørkar bort, blomen visnar

når Herrens ande blæs på han.

Sanneleg, folket er gras.

8 Graset tørkar bort, blomen visnar,

men ordet frå vår Gud står evig fast.»


9 Gå opp på eit høgt fjell,

du Sions gledebod!

Lyft di røyst med kraft,

Jerusalems gledebod!

Lyft di røyst, ver ikkje redd!

Sei til byane i Juda:

«Sjå, dykkar Gud!»


10 Sjå, Herren Gud

kjem med styrke,

han herskar med sin arm.

Sjå, løna hans er med han,

dei han vann, er framfor han.

11 Han gjeter flokken sin

som ein gjetar.

Han samlar lamma med armen,

lyfter dei opp i fanget,

leier søyene.

Ingen er som Gud

12 Kven kan måla opp vatnet i si hole hand,

måla himmelen med utspente fingrar?

Kven kan samla støvet på jorda i eit mål,

vega fjella med vekt

og haugane på vektskåler?

13 Kven kan måla Herrens ande

og gjera sitt råd kjent for han?

14 Kven har han samrådd seg med

som kunne gje han forstand,

læra han rettens veg,

læra han kunnskap

og visa veg til innsikt?


15 Sjå, folkeslaga er

som ein drope i eit spann,

som eit støvkorn på vektskåla

blir dei rekna.

Sjå, fjerne kystar veg han som støv.

16 Sjølv Libanon har ikkje ved nok

og ikkje dyr nok til brennoffer.

17 Alle folkeslag er ingenting for han,

som eit tomt ingenting

reknar han dei.


18 Kven vil de likna Gud med,

kva kan de setja opp som liknar på han?

19 Eit gudebilete?

Ein handverkar støyper det,

ein gullsmed kler det med gull

og smir sølvkjeder til det.

20 Eit vigsla morbærtre blir valt ut,

eit tre som ikkje morknar.

Ein dyktig handverkar blir leita opp,

for det skal reisast eit gudebilete

som ikkje vaklar.


21 Veit de ikkje?

Høyrer de ikkje?

Er det ikkje fortalt dykk

frå opphavs tid?

Har de ikkje skjøna det

frå jorda vart grunnlagd?

22 Han tronar over jordkrinsen,

og dei som bur der, er som grashopper.

Han breier himmelen ut som eit slør

og spenner han ut som eit telt til å bu i.

23 Han lèt fyrstar bli til inkje,

herskarane på jorda til tomt ingenting.

24 Knapt er dei planta, knapt er dei sådde,

knapt har dei røtt seg i jorda,

før han blæs på dei så dei visnar

og stormen ber dei bort som halm.

25 «Kven vil de likna meg med,

kven er eg lik?» seier Den heilage.

26 Lyft auga mot det høge og sjå:

Kven har skapt alt dette?

Han som tel stjernehæren,

fører dei ut

og kallar dei alle ved namn.

Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig

at ikkje éin skal mangla.


27 Kvifor tenkjer du, Jakob,

kvifor seier du, Israel:

«Min veg er løynd for Herren,

min Gud bryr seg ikkje om min rett»?

28 Veit du ikkje, har du ikkje høyrt?

Herren er den evige Gud

som skapte endane av jorda.

Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten,

ingen kan utforska hans forstand.

29 Han gjev den trøytte kraft,

og den som ikkje har krefter,

gjev han stor styrke.

30 Gutar blir trøytte og slitne,

unge menn snublar og fell.

31 Men dei som ventar Herren,

får ny kraft,

dei lyfter vengene som ørna,

dei spring og blir ikkje slitne,

dei går og blir ikkje trøytte.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.