Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

41

Herren og herskaren

1 Ver stille for meg, de kystar!

Folka skal få ny kraft.

Lat dei koma nær og så tala si sak.

Lat oss saman gå fram for retten!


2 Kven har vekt opp frå aust

han som møtest av siger

kvar han går?

Kven gjev folkeslag over til han

og lèt han undertrykkja kongar?

Hans sverd gjer dei til støv,

hans boge gjer dei til halm

som blæs bort.

3 Han forfølgjer dei,

går uskadd fram,

foten er nesten ikkje nær vegen.

4 Kven har utført og gjort dette?

Han som frå opphavs tid

kalla slektene fram.

Eg, Herren, er den første,

og eg er hos dei siste.

Eg er Han.


5 Kystane ser det og fryktar,

endane av jorda skjelv.

Dei er nær, dei kjem.

Gudebilete er laga av menneske

6 Den eine hjelper den andre,

til kvarandre seier dei: «Ver sterk!»

7 Treskjeraren styrkjer gullsmeden,

og blekkslagaren styrkjer smeden ved ambolten.

Han seier om loddinga: «Ho er god»,

og styrkjer henne med naglar

så ho står fast.

Herren er med Israel

8 Men du Israel, min tenar,

Jakob, som eg har valt ut,

ætt av Abraham, min ven,

9 som eg greip tak i ved endane av jorda

og kalla frå hennar ytste grense.

Eg sa til deg: «Du er min tenar,

eg har valt deg ut og ikkje forkasta deg.»

10 Frykt ikkje, for eg er med deg,

ver ikkje redd, for eg er din Gud!

Eg gjer deg sterk og hjelper deg

og held deg oppe

med mi rettferds høgre hand.


11 Sjå, til skamme og til spott

blir alle som er harme på deg.

Dei blir til ingenting og går til grunne,

dei som går i rette med deg.

12 Du skal leita, men ikkje finna

nokon som er i strid med deg.

Til inkje og ingenting

blir dei som er i krig med deg.

13 For eg er Herren din Gud

som har gripe di høgre hand

og seier til deg: «Ver ikkje redd!

Eg hjelper deg.»


14 Ver ikkje redd, Jakob, du vesle makk,

og de, Israels menn!

Eg hjelper deg,

seier Herren.

Israels Heilage løyser deg ut.

15 Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,

kvass og ny, med mange taggar!

Du skal treskja fjell til støv

og gjera haugar til agner.

16 Du kastar dei i vêret

så vinden tek dei og stormen spreier dei.

Men du, du skal jubla i Herren

og vera stolt over Israels Heilage.


17 Dei hjelpelause og fattige

leitar fåfengt etter vatn,

tunga tørkar ut av tørste.

Eg er Herren, eg skal svara dei,

eg er Israels Gud, eg skal ikkje forlata dei.

18 Eg opnar elvar på snaue høgder

og kjelder midt i dalane.

Eg gjer ørken til innsjø

og tørt land til oppkome.

19 Eg plantar sedrar i ørkenen,

akasie, myrt og oliventre.

Eg set sypress i øydemarka

saman med gran og buksbom

20 så dei kan sjå og vita,

leggja merke til og saman skjøna

at Herrens hand har gjort det,

og at Israels Heilage har skapt det.

Herren eller avgudane

21 Kom og legg saka fram! seier Herren.

Kom med prova! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og fortelja oss

kva som skal skje.

Fortel oss om dei første ting

så vi kan leggja merke til dei

og vita korleis det endar!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma.

23 Fortel om framtidsteikna

så vi kan vita at de er gudar!

Gjer berre noko, godt eller vondt,

så vi saman kan sjå det med uro!

24 Sjå, de er mindre enn inkje,

og det de gjer, er mindre enn ingenting.

Avskyeleg er det å velja dykk.


25 Eg har vekt opp ein frå nord,

og han er komen.

Frå soloppgangen

skal han kalla på mitt namn.

Han trampar statthaldarar ned som søle

slik pottemakaren trampar leire.

26 Kven kunngjorde dette frå opphavs tid

så vi kunne vita det,

frå gamle dagar

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen fortalde det,

ingen gjorde det kjent,

ingen har høyrt eit ord frå dykk.

27 Eg er den første som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser etter, men det finst ingen,

ikkje éin av dei som kan gje råd

så eg kunne spørja dei og få svar.

29 Nei, alle er dei inkje,

og det dei gjer, er ingenting.

Vind og tomt ingenting

er deira støypte bilete.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.