Gå til forsiden

Jesaja

46

Herren er alltid den same

1 Bel kneler, og Nebo fell,

bileta de bar på,

blir lyfte opp og lasta på trøytte dyr og fe.

2 Dei fell og kneler, alle saman.

Dei kan ikkje berga lasta,

og sjølve må dei gå i fangenskap.


3 Høyr på meg, du Jakobs hus,

alt som er att av Israels hus,

de som vart lyfte opp heilt frå fødselen,

og som vart borne heilt frå mors liv:

4 Eg er Han, heilt til de blir gamle,

eg vil bera heilt til håret er grått.

Eg har alt gjort det.

Eg lyfter, eg ber og bergar.

5 Kven vil de samanlikna meg med,

kven er eg lik?

Kva likning vil de bruka

for å samanlikna oss?


6 Dei auser ut gull frå pungen

og veg opp sølv på vekt.

Dei leiger ein gullsmed som lagar ein gud,

så bøyer dei seg ned og tilbed han.

7 Dei tek han på skuldra, ber han med seg

og set han på plass.

Der står han

og rører seg ikkje frå plassen.

Ropar ein til han, svarar han ikkje,

han kan ikkje frelsa frå naud.


8 Hugs dette med sorg,

ta det til dykk, de syndarar!


9 Hugs dei første ting frå gammal tid!

For eg er Gud, og ingen annan,

eg er Gud, ingen er lik meg.

10 Frå opphavet fortel eg slutten,

på førehand fortel eg det som ikkje har hendt.

Eg seier: «Min plan står fast,

alt eg vil, det gjer eg.»

11 Frå aust kallar eg ein rovfugl,

frå eit land langt borte

ein mann for min plan.

Det eg har sagt, lèt eg skje,

Det eg har tenkt, det gjer eg.


12 Høyr på meg, de motlause hjarte,

de som er langt frå rettferd!

13 Eg lèt mi rettferd koma nær,

ho er ikkje langt borte,

mi frelse er ikkje for sein.

Eg gjev frelse på Sion,

til Israel gjev eg min herlegdom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.