Gå til forsiden

Jesaja

52

Herren kjem tilbake til Sion

1 Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion!

Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by!

For aldri meir skal ein uomskoren eller urein

koma inn i deg.

2 Rist støvet av deg, reis deg opp,

set deg, Jerusalem!

Løys lenkjene du har om halsen,

dotter Sion i fangenskap!


3 For så seier Herren:

De vart selde utan betaling,

og utan pengar skal de løysast ut.

4 For så seier Herren Gud:

Før i tida drog folket mitt ned til Egypt

for å bu der som innflyttarar.

Assur undertrykte dei utan grunn.

5 Og no, kva skal eg gjera her?

seier Herren.

For folket mitt er teke utan vederlag.

Dei som herskar over det, hyler,

seier Herren,

og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.

6 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt

på den dagen,

for eg er Han,

han som seier: «Her er eg!»


7 Kor vakre dei er

der dei spring over fjella,

føtene til den som ber bod,

forkynner fred,

kjem med god bodskap,

forkynner frelse

og seier til Sion:

«Din Gud er konge!»

8 Høyr, vaktmennene dine ropar høgt,

dei jublar alle saman.

For med eigne auge ser dei

at Herren vender attende til Sion.

9 Bryt ut i jubel saman,

de Jerusalems ruinar!

For Herren trøystar folket sitt,

han løyser Jerusalem ut.

10  Herren viser sin heilage arm

for auga på alle folkeslag.

Heile jorda får sjå

frelsa frå vår Gud.

Dra ut

11 Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!

Rør ikkje noko ureint!

Gå ut frå henne, gjer dykk reine,

de som ber Herrens kar!

12 For de skal ikkje gå ut i hast,

og ikkje skal de flykta.

For Herren går framfor dykk,

og bak dykk går Israels Gud.

Herrens lidande tenar

13 Sjå, min tenar skal ha framgang,

han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.

14 Slik mange vart forfærde over deg

– så øydelagd var han,

han likna ikkje ein mann,

han såg ikkje ut som eit menneske –

15 slik skal mange folkeslag undrast,

for hans skuld skal kongar lata att sin munn.

For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,

og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.