Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

53 

1 Kven trudde bodskapen vi fekk?

Kven vart Herrens arm openberra for?

2 Han skaut opp som ei spire for hans andlet,

som ein renning av tørr jord.

Han hadde ingen herleg skapnad vi kunne sjå på,

ikkje ein utsjånad vi kunne gleda oss over.

3 Han var forakta, forlaten av menneske,

ein mann av smerte, kjend med sjukdom,

ein dei løyner andletet for.

Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko.


4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han,

vår smerte bar han.

Vi tenkte: Han er ramma,

slegen av Gud og plaga.

5 Men han vart såra for våre brot,

knust for våre synder.

Straffa låg på han, vi fekk fred,

ved hans sår vart vi lækte.


6 Vi gjekk oss alle vill som sauer,

kvar tok sin eigen veg,

men skulda vi alle hadde,

lét Herren ramma han.

7 Han vart mishandla,

han vart plaga,

og han opna ikkje munnen,

lik eit lam som blir ført til slakting,

lik ein sau som teier når han blir klipt,

og han opna ikkje munnen.

8 Etter fengsel og dom vart han teken bort.

Men kven i hans tid tenkte på

at han vart utrydda frå landet til dei levande

fordi brota til folket mitt ramma han?

9 Då han var død, fekk han grav

blant urettferdige og hos ein rik,

endå han ikkje hadde brukt vald

og det ikkje fanst svik i hans munn.


10 Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom.

Når hans liv er gjeve som skuldoffer,

skal han sjå etterkomarar og leva lenge.

Ved hans hand skal det lukkast, det Herren vil.

11 Etter si naud skal han sjå *lys•,

han skal mettast ved si innsikt.

Min rettferdige tenar

skal gjera dei mange rettferdige,

han har bore deira skuld.

12 Difor gjev eg han del med dei mange,

med dei mektige deler han bytte,

fordi han tømde ut sitt liv til døden

og vart rekna blant brotsmenn.

Han tok på seg synda til dei mange

og vart ramma i staden for brotsmenn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.