Gå til forsiden

Jesaja

56

Eit hus for bøn

1 Så seier Herren:

Ta vare på det som er rett,

gjer det som er rettferdig!

Mi frelse er nær, ho skal koma,

og mi rettferd, ho skal openberrast.

2 Sæl er den som gjer dette,

kvart menneske som held fast ved det,

som held sabbaten og ikkje vanhelgar han,

og vaktar si hand så ho ikkje gjer noko vondt.


3 Den framande som har slutta seg til Herren,

skal ikkje seia:

« Herren vil skilja meg ut frå sitt folk.»

Evnukken skal ikkje seia:

«Sjå, eg er eit tørt tre.»

4 For så seier Herren:

Evnukkar som held mine sabbatar,

som vel å gjera det eg vil

og held fast ved mi pakt,

5 dei gjev eg ei minnetavle og eit namn

i mitt hus og på mine murar.

Dette er betre enn søner og døtrer.

Eg gjev dei eit evig namn

som aldri skal slettast ut.

6 Og dei framande som har slutta seg til Herren,

som vil gjera teneste for han

og elska Herrens namn

og vera hans tenarar,

alle som held sabbaten

og ikkje vanhelgar han,

men held fast ved mi pakt,

7 dei fører eg til mitt heilage fjell

og lèt dei gleda seg i mitt bønehus.

Brennoffer og slaktoffer frå dei

gjev velvilje på mitt altar.

For mitt hus skal kallast

eit bønehus for alle folk,

8 seier Herren Gud,

som samlar Israels fordrivne.

Endå fleire vil eg samla

enn dei som alt er samla.

Israels leiarar er blinde

9 Alle dyr på marka,

kom og et,

alle dyr i skogen!

10 Vaktmennene er alle blinde, alle saman,

dei skjønar ikkje.

Alle er mållause hundar

som ikkje kan gøy.

Dei ligg og drøymer,

dei likar å sova.

11 Dei er grådige hundar,

aldri blir dei mette.

Og dei skal vera gjetarar,

dei som ikkje skjønar!

Alle vender seg kvar sin veg,

kvar til si vinning.

12 «Kom, eg skal henta vin,

vi drikk oss fulle på det sterke!

Morgondagen skal bli som denne,

ein stor og herleg dag.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.