Gå til forsiden

Jesaja

58

Rett faste og sabbatshelg

1 Rop av full hals, spar deg ikkje.

Lat røysta runga som eit horn!

Fortel mitt folk om deira brot

og Jakobs hus om deira synder!

2 Dei søkjer meg dag etter dag

og ønskjer å kjenna mine vegar.

Dei liknar eit folk som gjer det som er rettferdig,

og ikkje vender seg bort frå det som er rett for deira Gud.

Dei spør etter mine rettferdige lover

og ønskjer å vera nær Gud.


3 «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,

kvifor merkar du ikkje at vi plagar oss sjølve?»

Sjå, på fastedagen gjer de som de vil,

de driv alle arbeidsfolk hardt.

4 Sjå, når de fastar, blir det strid og krangling

og slagsmål med urettferdige nevar.

De fastar ikkje slik i dag

at røysta dykkar kan høyrast i det høge.

5 Er dette den fasta eg har valt,

ein dag då mennesket plagar seg sjølv,

bøyer hovudet som eit siv

og legg seg i sekk og oske?

Kallar du dette for faste

og ein dag etter Herrens vilje?


6 Nei, dette er fasta eg har valt:

å løysa urettferdige lenkjer,

sprengja banda i åket,

setja undertrykte fri

og å bryta kvart åk sund,

7 å dela ditt brød med svoltne

og la hjelpelause og heimlause koma i hus.

Du skal sjå til den nakne og kle han,

du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

8 Då skal lyset renna for deg som morgonròden,

brått skal du lækjast.

Di rettferd skal gå framfor deg

og Herrens herlegdom følgja etter deg.


9 Då skal du kalla, og Herren skal svara,

du skal ropa, og han skal seia: «Eg er her!»

Om du tek bort kvart åk hos deg,

ikkje peikar med fingrane og talar vondt,

10 om du gjev av ditt eige til den svoltne

og sjølv mettar den som lid naud,

då skal lyset ditt gå opp i mørkret,

natta di skal bli som høglys dag.


11  Herren skal alltid leia deg

og metta sjela di i det tørre landet.

Han skal styrkja kroppen din

så du blir som ein vassrik hage,

ei kjelde der vatnet aldri sviktar.

12 Dine gamle ruinar skal byggjast opp att,

du skal gjenreisa grunnmurar frå eldgamle slekter.

Du skal kallast

Den som murar att rivner,

Den som set i stand vegar

så folk kan bu der.


13 Om du sluttar å trakka på sabbaten

og gjera som du vil på min heilagdag,

men kallar sabbaten ei lyst

og Herrens heilagdag ærverdig,

om du held han i ære

og ikkje går dine eigne vegar,

gjer som du vil og talar tomme ord,

14 då skal du ha di lyst i Herren.

Eg lèt deg ri over høgdene i landet

og eta av arven etter Jakob, far din.

For Herrens munn har tala.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.