FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Jesaja

64 

1 Ville du berre flerra himmelen

og stiga ned

så fjella dirra for deg,

som når elden fatar i kvistene,

som når elden får vatnet til å koka,

for å læra dine motstandarar å kjenna ditt namn!

Folkeslag skulle skjelva for ditt andlet

2 når du gjorde skremmande gjerningar vi ikkje venta,

og steig ned så fjella dirra for deg.

3 Aldri har nokon høyrt eller lytta til,

aldri har noko auge sett

nokon annan gud enn deg

som kan gjera slikt

for dei som ventar på han.

4 Du møter den som er glad og gjer rett,

dei som hugsar deg og går dine vegar.

Sjå, du vart harm når vi synda i gamle dagar,

men vi vart frelste.


5 Alle vart vi som ureine,

all vår rettferd som ureint tøy.

Vi visna alle som lauv,

vår skuld tek oss bort som ein vind.

6 Det er ingen som kallar på ditt namn,

som vaknar opp

og held fast ved deg.

For du har løynt andletet for oss

og gjeve oss over til vår skuld.


7 Men no, Herre, er du vår far!

Vi er leira, du han som formar oss,

alle er vi verk av di hand.

8  Herre, ver ikkje harm,

hugs ikkje vår skuld for alltid!

Sjå no hit, alle er vi ditt folk!

9 Dine heilage byar har vorte til ørken,

Sion har vorte ein ørken

og Jerusalem ei øydemark.

10 Vårt heilage og herlege tempel,

der fedrane våre lova deg,

har elden svidd av.

Alt vi var glade i, er lagt i ruinar.

11 Kan du tola dette, Herre,

teia og audmjuka oss så djupt?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.