Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

65

Herren straffar og gjev nåde

1 Eg hadde svar til dei som ikkje spurde,

eg var å finna for dei som ikkje søkte meg.

Eg sa: «Her er eg! Her er eg!»

til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn.

2 Heile dagen rekte eg hendene ut

til eit trassig folk

som gjekk fram etter eigne tankar

på vegar som ikkje var gode.

3 Alltid gjer folket meg rasande

rett opp i andletet.

Dei ofrar slaktoffer i hagane

og brenner røykoffer på teglstein.

4 Dei held til i gravene

og ligg på løynde stader om natta.

Dei et svinekjøt

og koker suppe på ureint offerkjøt.

5 Dei seier: «Hald deg unna,

kom ikkje nær meg,

for eg er heilag for deg!»

Slike er røyk i nasen på meg,

ein eld som brenn heile dagen.

6 Sjå, det er skrive opp framfor meg.

Eg vil ikkje teia før eg har gjort gjengjeld.

Eg skal gjengjelda dei rett i fanget,

7 både for dykkar eigne synder

og for syndene til fedrane, seier Herren.

Dei brende røykoffer på fjella og vanæra meg på haugane.

Eg skal måla opp det dei før har gjort,

og senda det rett i fanget på dei.


8 Så seier Herren:

Så lenge det finst saft i druene,

heiter det: «Øydelegg dei ikkje,

for det er velsigning i dei.»

Slik skal eg gjera for mine tenarar skuld,

eg skal ikkje øydeleggja alt.

9 Eg lèt ei ætt gå ut frå Jakob,

frå Juda ein som skal arva mine fjell.

Mine utvalde skal ta landet i eige,

og tenarane mine skal bu der.

10 Då skal Saron bli ein stad der småfe beiter

og Akor-dalen ein stad der storfe kviler,

for mitt folk som søkjer meg.

11 Men de som har forlate Herren

og gløymt mitt heilage fjell,

som dekkjer bord for Gad

og skjenkjer krydra vin for Meni,

12 dykk gjev eg over til sverdet,

alle skal de bøya kne for å bli slakta.

For eg ropa, men de svara ikkje,

eg tala, men de høyrde ikkje.

De gjorde det som var vondt i mine auge,

og valde det eg ikkje ville.


13 Difor seier Herren Gud:

Sjå, mine tenarar skal eta,

men de skal svelta.

Sjå, mine tenarar skal drikka,

men de skal tørsta.

Sjå, mine tenarar skal gleda seg,

men de skal skamma dykk.

14 Sjå, mine tenarar skal jubla av hjartans lyst,

men de skal skrika av hjartesorg

og klaga av ei sundbroten ånd.

15 Det namnet de lèt etter dykk,

skal mine utvalde bruka som forbanning:

«Måtte Herren Gud la deg døy!»

Men tenarane sine skal han kalla

med eit anna namn.

16 Den som velsignar seg i landet,

skal velsigna seg ved den trufaste Gud,

og den som sver i landet,

skal sverja ved den trufaste Gud.

For no er dei første trengslene gløymde,

ja, dei er løynde for auga mine.

Det nye Jerusalem

17 Sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord.

Ingen skal minnast dei første ting,

ingen skal tenkja på dei.

18 Gled og fryd dykk til evig tid

over det som eg skaper!

For sjå, eg skaper Jerusalem om til fryd

og folket der til glede.

19 Eg vil fryda meg over Jerusalem

og gleda meg over mitt folk.

Aldri meir skal det høyrast

gråt eller klageskrik i byen.

20 Der skal det ikkje lenger finnast spedborn

som berre blir nokre dagar gamle,

eller gamle som ikkje når sine dagars fulle mål.

Ung er den som døyr hundre år gammal,

den som ikkje blir hundre, må vera forbanna.

21 Dei skal byggja hus og sjølve bu i dei,

planta vinmarker og sjølve eta frukta.

22 Dei skal ikkje byggja så andre får bu

og ikkje planta så andre får eta.

Så gamle som trea

skal folket mitt bli,

mine utvalde skal sjølv få slita ut

det dei har laga med eigne hender.

23 Dei skal ikkje streva til inga nytte

og ikkje føda til brå død.

For dei er ei ætt velsigna av Herren,

dei skal ha etterkomarar hos seg.

24 Før dei ropar, skal eg svara,

medan dei enno talar, vil eg høyra.

25 Ulven og lammet skal beita saman,

og løva skal eta halm som oksen,

men slangen skal ha støv til mat.

Det finst ikkje vondskap eller øydelegging

på heile mitt heilage fjell, seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.