Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

1 

1 Syn som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda.

Klage over Israel

2 Høyr, de himlar

og lytt, du jord,

for Herren talar:


Born har eg fostra og oppdrege,

men dei har sett seg opp imot meg.

3 Ein okse kjenner eigaren sin,

eit esel krubba til herren sin.

Men Israel kjenner ikkje,

folket mitt forstår ikkje.


4 Ve det syndige folket,

eit folk tungt av skuld,

ei slekt som handlar vondt,

born som øydelegg!

Dei har forlate Herren,

forakta Israels Heilage

og vendt ryggen til han.


5 Har de ikkje fått nok slag?

Gong på gong fell de frå.

Kvart hovud er skadd,

og kvart hjarte er sjukt.

6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt,

flengjer og skrammer og opne sår,

ikkje reinsa, ikkje forbundne,

ikkje bløytte opp med olje.


7 Landet dykkar ligg øyde,

byane er brende,

framande et opp jorda

rett framfor auga på dykk.

Det er audt som når framande har øydelagt.

8 Berre dotter Sion er att

som ei lauvhytte i ein vingard,

som eit vaktskjul på ei agurkmark,

som ein kringsett by.

9 Hadde ikkje Herren over hærskarane

late nokre få av oss leva,

då var vi som Sodoma,

då likna vi på Gomorra.

Offer og urett

10 Høyr Herrens ord,

de Sodoma-hovdingar!

Lytt til vår Guds lov,

du Gomorra-folk!

11 Kva skal eg med alle desse slaktoffera dykkar? seier Herren.

Eg er mett på brennoffer av vêrar

og på feitt av gjøkalvar.

Blod av oksar og bukkar og lam

har eg ikkje lyst på.

12 Kven krev slikt av dykk

når de kjem og viser dykk for mitt andlet?

De trakkar ned føregardane mine.

13 Kom ikkje meir med unyttige gåver!

Eg avskyr offerrøyken.

Nymåne og sabbat, kunngjering av høgtider

– eg toler ikkje urett og høgtid.

14 Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar.

Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.

15 Når de lyfter hendene,

lèt eg att auga for dykk.

Same kor mykje de bed,

høyrer eg ikkje.

Hendene dykkar er fulle av blod.

16 Vask dykk, gjer dykk reine!

Få dei vonde gjerningane

bort frå auga mine,

hald opp med å gjera vondt,

17 lær å gjera godt!

Søk det som er rett,

hjelp den undertrykte,

ver forsvarar for farlause,

før enkjers sak!

Guds tilbod om nåde

18 Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.

Om syndene dykkar er som purpur,

skal dei bli kvite som snø,

om dei er raude som skarlak,

skal dei bli kvite som ull.

19 Dersom de er villige og lydige,

skal de få eta det gode i landet.

20 Men er de uvillige og trassige,

skal de fortærast av sverd.

For Herrens munn har tala.

Jerusalem skal reinsast

21 Å, at den trufaste byen

skulle bli ei hore!

Han var full av rett,

rettferd budde der,

men no – mordarar!

22 Sølvet ditt har vorte til slagg,

vinen din blanda med vatn.

23 Stormennene dine er opprørarar,

dei held lag med tjuvar.

Alle elskar stikkpengar

og jagar etter gåver.

Dei forsvarar ikkje den farlause

og fører ikkje enkjers sak.


24 Difor seier Herren,

allhærs Herre,

Israels Mektige:

Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mine

og hemna meg på fiendane!

25 Eg vil lyfta handa mot deg,

reinsa ut slagget ditt med lut

og skilja ut alt bly.


26 Eg vil igjen gje deg dommarar

som i gamle dagar

og rådgjevarar

som i den første tida.

Sidan skal du kallast

Den rettferdige og trufaste byen.

27 Ved rett skal Sion løysast ut,

ved rettferd dei som vender om.

28 Men svikarar og syndarar skal knusast,

dei som forlèt Herren, skal gå til grunne.


29 De får skam av eikene

som de var så glade i,

og vanære av hagane

som de lika så godt.

30 De skal bli som ei eik med visne blad,

som ein hage utan vatn.

31 Den sterke skal bli til halm

og verket hans til ein gneiste,

saman skal dei brenna

utan at nokon sløkkjer.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.