Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jeremia

17

Judas synd er skriven opp

1 Judas synd er skriven opp med jerngriffel

og rissa inn med diamantstift

på deira hjartetavle

og på altarhorna,

2 medan borna deira minnest

altara og Asjera-pålane dei hadde

under frodige tre

og på høge haugar,

3 fjella på marka.


Din rikdom, alle skattane dine

og offerhaugane dine

gjev eg til plyndring

på grunn av synda i heile ditt land.

4 Av deg sjølv må du seia frå deg

den eigedom eg gav deg.

Eg gjer deg til slave for fiendane dine

i landet du ikkje kjenner.

For de har kveikt vreiden min,

han skal brenna for alltid.

Stol ikkje på menneske

5 Så seier Herren:

Forbanna er den mann

som stolar på menneske

og søkjer sin styrke i kjøt og blod

og vender hjartet bort frå Herren.

6 Han blir lik ein busk i øydemarka,

han får ikkje sjå det gode koma,

han held til i ein ørken av stein,

i det salte landet der ingen bur.


7 Velsigna er den mann

som stolar på Herren

og set si lit til han.

8 Han er lik eit tre

som er planta attmed vatn

og strekkjer røtene mot bekken.

Det fryktar ikkje når heten kjem,

lauvet er grønt.

Det engstar seg ikkje i tørketider

og held ikkje opp med å bera frukt.


9 Hjartet er meir svikefullt enn noko anna,

det kan ikkje lækjast.

Kven kan skjøna det?

10 Eg, Herren, er den

som granskar hjarte og prøver nyrer.

Eg løner kvar mann etter hans ferd,

etter frukta av hans gjerningar.

Dom over urett og fråfall

11 Ei rapphøne som ligg på egg

ho ikkje sjølv har vorpe,

er den som skaffar seg rikdom med urett.

Midt i livet må han gå frå han

og står der til sist som ein narr.


12 Ei herleg trone,

opphøgd frå den første tid,

er staden der vår heilagdom står.


13  Herre, du Israels von,

alle som forlèt deg, skal bli til skamme,

dei i landet som vender seg frå deg,

skal skrivast opp.

For dei har forlate Herren,

kjelda med levande vatn.

Frels meg du, så blir eg frelst

14 Læk meg, Herre, så blir eg lækt,

frels meg du, så blir eg frelst.

For du er min lovsong.

15 Sjå, dei seier til meg:

«Kvar er Herrens ord?

Lat det koma!»

16 Men eg har ikkje trygla deg om

å senda noko vondt,

eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag.

Du veit kva leppene mine har sagt,

det er rett framfor deg.

17 Bli ikkje til redsle for meg!

Du er mi tilflukt når ulukka kjem.

18 Lat forfølgjarane bli til skamme

og ikkje eg.

Lat dei bli slegne av redsle

og ikkje eg!

Lat ein ulukkedag koma over dei,

knus dei dobbelt!

Hald sabbatsdagen heilag

19 Dette sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Judas kongar går inn og ut, og i alle portane i Jerusalem, 20 og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, heile Juda og alle som bur i Jerusalem, de som går inn gjennom desse portane.

21 Så seier Herren: Så sant de har livet kjært, akta dykk for å bera noka bør på sabbatsdagen og koma inn gjennom Jerusalems portar med henne. 22 De må ikkje bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko arbeid. De skal halda sabbatsdagen heilag, slik eg baud fedrane dykkar. 23 Men dei høyrde ikkje og vende ikkje øyret til, dei gjorde nakken stiv og lydde ikkje og tok ikkje imot formaning.

24 Dersom de høyrer på meg, seier Herren, og ikkje ber noka bør inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer noko arbeid, 25 då skal kongar og fyrstar som sit på Davids trone, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane i denne byen, både dei og stormennene deira, mennene i Juda og dei som bur i Jerusalem. Denne byen skal stå til evig tid. 26 Då skal dei koma frå byane i Juda og landet kring Jerusalem, frå Benjamin-landet, låglandet, fjellandet og Negev for å bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og koma med takkoffer til Herrens hus.

27 Men om de ikkje vil høyra på meg og halda sabbatsdagen heilag, men ber bører og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem, han skal ikkje slokna.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.