Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

18

Leira i pottemakarens hand

1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.» 3 Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.

5 Då kom Herrens ord til meg: 6 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus. 7 Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11 Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode! 12 Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»

Kven har høyrt noko slikt?

13 Difor seier Herren:

Spør mellom folkeslaga:

Kven har høyrt noko slikt?

Grufulle ting har jomfru Israel gjort.

14 Forsvinn vel snøen på Libanon

frå høge berget?

Kan det kalde, rennande vatnet

frå framandt land tørka ut?

15 Men folket mitt har gløymt meg.

Dei tenner offereld til inga nytte.

Dei snublar på vegane sine,

i dei gamle spora,

og følgjer stigar der ingen veg er bygd.

16 Slik legg dei landet sitt audt

og gjer det til evig spott.

Alle som går forbi,

skal bli forfærde og rista på hovudet.

17 Som ein austavind spreier eg dei

framfor fienden.

Med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på dei

på ulukkedagen deira.

Profeten bed om hemn

18 Dei sa: «Kom, lat oss leggja planar mot Jeremia.

For det skal ikkje mangla rettleiing hos presten,

råd hos den vise eller ord hos profeten.

Kom, lat oss slå han med tunga,

vi vil ikkje høyra på alt han seier.»


19  Herre, høyr på meg!

Høyr kva motstandarane mine seier!

20 Skal ein løna godt med vondt?

Dei har grave ei grav for meg!

Hugs at eg stod for ditt andlet

for å tala deira sak

og venda harmen din bort frå dei.

21 Difor, overgjev borna deira til svolten,

gjev dei til sverdet!

Lat kvinnene bli barnlause og enkjer,

lat mennene råkast av døden,

unggutane deira falla for sverd i krigen.

22 Lat det høyrast skrik i husa deira

når du brått lèt røvarar koma over dei.

For dei grov ei grav til å fanga meg

og sette løynde snarer for føtene mine.

23 Men du, Herre, kjenner

alle planane deira om å drepa meg.

Ta ikkje bort deira skuld

og utslett ikkje deira synd for ditt andlet,

men lat dei falla og liggja der!

Grip inn mot dei den tid du er vreid!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.