Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
20Då presten Pasjhur, Immers son, som var øvste tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia tala desse profetiske orda,
2 slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus. 3 Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar». 4 For så seier Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for sine fiendars sverd, og auga dine skal sjå det. Og heile Juda vil eg gje over i hendene på kongen av Babel. Han skal føra dei til eksil i Babel og hogga dei ned med sverd. 5 Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel. 6 Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for. Profeten kan ikkje svikta kallet 7 Du lokka meg, Herre, og eg lét meg lokka. Du vart for sterk for meg og vann. Eg er til latter heile dagen, alle spottar meg. 8 Kvar gong eg snakkar, må eg skrika. «Vald og ran!» ropar eg. For Herrens ord har dagen lang vorte meg til spott og skam. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på han og aldri meir tala i hans namn.» Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte. Han var innestengd i knoklane mine. Eg streva for å stå imot, men eg greidde det ikkje. 10 For eg høyrer mange som kviskrar: «Redsle på alle kantar! Meld han! Vi skal melda han!» Kvart menneske eg hadde fred med, ventar på at eg skal falla: «Kanskje lèt han seg lokka, så vi vinn og kan hemna oss på han.» 11 Men Herren er med meg lik ein veldig krigar. Difor skal dei som forfølgjer meg, snubla og ikkje vinna. Dei skal bli heilt til skamme, for dei mislukkast, ei evig vanære som aldri blir gløymd. 12 Herre over hærskarane, du som prøver den rettferdige, som ser nyrer og hjarte, lat meg få sjå at du tek hemn over dei, for eg har lagt mi sak fram for deg. 13 Syng for Herren, lovpris Herren, for han bergar livet til den fattige frå valdsmannens hand. 14 Forbanna er den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, skal ikkje vera velsigna! 15 Forbanna er den mannen som kom til far min med nyhendet: «Det er fødd deg eit barn, ein gut» og gjorde han storleg glad. 16 Lat den mannen bli som dei byane Herren øydela utan medynk! Lat han høyra skrik om morgonen og hærrop midt på dagen 17 fordi han ikkje drap meg i mors liv, så mor mi kunne bli mi grav og alltid gå med barn. 18 Kvifor kom eg ut av mors liv for å sjå møde og sorg og enda mine dagar i skam? |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24. mars 2023
46Da sa Maria: 47og min ånd fryder seg i Gud, min frelser. 48For han har sett til sin tjenestekvinne i hennes fattigdom. Og se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig, 49for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; hellig er hans navn. ... Vis hele teksten
46Da sa Maria: 47og min ånd fryder seg i Gud, min frelser. 48For han har sett til sin tjenestekvinne i hennes fattigdom. Og se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig, 49for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; hellig er hans navn. 50Fra slekt til slekt varer hans miskunn over dem som frykter ham. 51Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spredte dem som bar hovmodstanker i hjertet. 52Han støtte herskere ned fra tronen og løftet opp de lave. 53Han mettet de sultne med gode gaver, men sendte de rike tomhendte fra seg. 54Han tok seg av Israel, sin tjener, og husket på sin miskunn 55slik han lovet våre fedre, Abraham og hans ætt, til evig tid.» 56Maria ble hos Elisabet i omkring tre måneder. Så vendte hun hjem.
46Då sa Maria: 47og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar. 48For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom. Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl, 49for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn. ... Vis hele teksten
46Då sa Maria: 47og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar. 48For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom. Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl, 49for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn. 50Frå slekt til slekt varer hans miskunn over dei som ottast han. 51Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet. 52Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge. 53Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg. 54Han tok seg av Israel, sin tenar, og kom i hug si miskunn 55slik han lova våre fedrar, Abraham og hans ætt, til evig tid.» 56Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.
46Dalle Maria celkkii: Mu siellu máidnu Hearrá, 47ja mu vuoigŋa ávvuda Ipmila, mu beasti, dihte. 48Dasgo son lea geahččan vuollegis bálvaleaddjásis. Dás maŋás buot buolvvat máidnot mu ávdugassan, 49dasgo Veagalaš lea dahkan munnje stuorra daguid, bassi lea su namma. ... Vis hele teksten
46Dalle Maria celkkii: Mu siellu máidnu Hearrá, 47ja mu vuoigŋa ávvuda Ipmila, mu beasti, dihte. 48Dasgo son lea geahččan vuollegis bálvaleaddjásis. Dás maŋás buot buolvvat máidnot mu ávdugassan, 49dasgo Veagalaš lea dahkan munnje stuorra daguid, bassi lea su namma. 50Buolvvas bulvii su váibmoláđisvuohta bistá sidjiide geat ballet sus. 51Son dahká veagalaš daguid gieđainis, son biđge sin geain leat čeavlás jurdagat váimmus. 52Son norddasta ráđđejeddjiid sin truvnnuin ja alida vuollegaččaid. 53Son biebmá nealguid buriid attáldagaiguin, muhto riggáid son vuolggaha eret guoros gieđaid. 54Son veahkeha bálvaleaddjis Israela ja muitá iežas árpmu, 55nugo lohpidii min áhčiide, Abrahamii ja su sohkii, agálaš áigái. 56Maria orui Elisabeta luhtte lahka golbma mánu ja máhcai dasto ruoktot.