Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

23

Herren set inn nye gjetarar

1 Ve dei gjetarane som leier vill og spreier sauene eg har på beite, seier Herren. 2 Difor seier Herren, Israels Gud, om dei gjetarane som gjeter folket mitt: De har spreidd sauene mine og drive dei bort, de har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, seier Herren.

3 Så skal eg samla resten av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til, og føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei vera fruktbare og bli mange. 4 Då skal eg reisa opp nye gjetarar til å gjeta dei. Dei skal ikkje lenger vera redde, ikkje skjelva, ikkje bli borte, seier Herren.

Ei rettferdig spire

5 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då eg skal reisa opp ei rettferdig spire for David.

Kongen skal styra med visdom

og gjera det som er rett og rettferdig i landet.

6 I hans dagar skal Juda bli frelst

og Israel bu trygt.

Og dette er namnet han skal få:

Herren, vår rettferd.


7 Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt», 8 men: «Så sant Herren lever, han som førte Israels hus og ætt heim frå landet i nord» – og frå alle dei landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på eiga jord.

Profetane

9 Om profetane.


Hjartet i mitt indre er brote sund,

alle knoklane skjelv.

Eg har vorte som ein drukken,

ein som vinen har fått makta over,

på grunn av Herren

og hans heilage ord.


10 Landet er fullt av ekteskapsbrytarar.

Landet sørgjer fordi det er forbanna,

ørkenbeita tørkar bort.

Folk spring etter det som er vondt,

og har sin styrke i urett.

11 Både profet og prest er ugudelege,

endå i huset mitt har eg funne vondskapen deira,

seier Herren.

12 Difor skal vegen dei går på, bli glatt.

Dei blir støytte ut i mørkret og fell.

For eg fører ulukke over dei

i rekneskapens år,

seier Herren.


13 Hos profetane i Samaria

har eg sett fråstøytande ting.

Dei profeterte ved Baal

og førte Israel, mitt folk, vill.

14 Hos profetane i Jerusalem

har eg sett grufulle ting.

Dei bryt ekteskapet og fer med løgn,

dei styrkjer hendene til ugjerningsmenn

så ingen vil venda om frå sin vondskap.

For meg har dei alle vorte som Sodoma,

dei som bur der, har vorte som Gomorra.


15 Difor seier Herren over hærskarane om profetane:

Sjå, eg gjev dei malurt å eta

og giftig vatn å drikka.

For frå profetane i Jerusalem

har gudløysa gått ut til heile landet.


16 Så seier Herren over hærskarane:

Høyr ikkje på orda til dei profetane

som profeterer for dykk!

Dei gjer dykk tomme,

dei fortel om syn frå eige hjarte

og ikkje frå Herrens munn.

17 Dei seier til dei som foraktar meg:

« Herren seier: De skal ha fred»,

og til alle som følgjer sitt eigenrådige hjarte:

«Ikkje noko vondt skal koma over dykk.»


18 Men kven har vore med i Herrens råd

og sett og høyrt hans ord?

Kven lytta til hans ord og lydde det?


19 Sjå, Herrens storm, hans harme, bryt ut!

Stormen kvervlar over hovuda på dei urettferdige.

20  Herrens vreide legg seg ikkje

før han har sett i verk og fullført

planane i sitt hjarte.

I dagar som kjem,

skal de forstå fullt ut.


21 Eg har ikkje sendt profetane,

men dei spring,

eg har ikkje tala til dei,

men dei profeterer.

22 Om dei hadde vore med i mitt råd,

kunne dei ha late folket mitt få høyra mine ord

og fått dei til å venda om

frå sine vonde vegar og gjerningar.

23 Er eg ein gud som er nær, seier Herren,

og ikkje ein gud langt borte?

24 Kan nokon gøyma seg på hemmelege stader

så eg ikkje ser han? seier Herren.

Fyller ikkje eg både himmel og jord?

seier Herren.


25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som profeterer løgn i mitt namn: «Eg har drøymt, eg har drøymt.» 26 Kor lenge har profetane tenkt å profetera løgn, svik frå sitt eige hjarte? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, har dei tenkt å få folket mitt til å gløyma mitt namn, slik fedrane deira gløymde mitt namn for Baal. 28 Den profeten som har ein draum, skal fortelja draumen, men den som har mitt ord, skal tala mitt ord i sanning.

Kva har halmen til felles med kornet?

seier Herren.

29 Er ikkje mitt ord lik ein eld, seier Herren,

lik ei sleggje som knuser berg?

30 Difor, sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som får tunga på glid og forkynner profetord. 32 Sjå, eg kjem over dei som profeterer løgndraumar, seier Herren. Dei fortel dei og fører folket mitt vill med løgner og skryt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til noka hjelp for dette folket, seier Herren.

Herrens bodskap og bør

33 Når dette folket eller ein profet eller ein prest spør deg: «Kva er den tunge bodskapen frå Herren?» skal du svara dei: «Kva den tunge børa er? Det er de, eg skal kasta dykk av!» seier Herren. 34 Om presten, profeten eller folket seier «den tunge bodskapen frå Herren», då krev eg den mannen og huset hans til rekneskap. 35 Slik skal de seia, kvar til sin neste og sin bror: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren36 Men «den tunge bodskapen frå Herren» skal de aldri nemna meir, for det ordet blir ei tung bør for den som seier det. Då forvrengjer de ordet frå den levande Gud, Herren over hærskarane, vår Gud. 37 Dette skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren38 Men om de seier «den tunge bodskapen frå Herren», seier Herren: De bruker seiemåten «den tunge bodskapen frå Herren» endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala slik. 39 Sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar. 40 Eg legg på dykk evig spott og evig vanære som aldri skal gløymast.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.