Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jeremia

25

Slavar for kongen av Babel

1 Dette ordet kom til Jeremia om heile folket i Juda i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, det vil seia det første året Nebukadnesar var konge i Babel, 2 og profeten Jeremia sa det til heile folket i Juda og alle som budde i Jerusalem:

3 Frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda og til denne dag, i tjuetre år, har Herrens ord kome til meg. Seint og tidleg har eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. 4 Seint og tidleg sende Herren alle sine tenarar, profetane, til dykk, men de ville ikkje høyra. De vende ikkje øyra til for å høyra når 5 dei sa: Vend om, kvar frå sin vonde veg og sine vonde gjerningar, så skal de til alle tider få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar. 6 De skal ikkje følgja andre gudar, ikkje tena dei og ikkje tilbe dei. De skal ikkje gjera meg rasande med det dykkar eigne hender har laga. Då skal eg ikkje skada dykk. 7 Men de ville ikkje høyra på meg, seier Herren. De gjorde meg rasande med det dykkar eigne hender har laga, til skade for dykk sjølve.

8 Difor seier Herren over hærskarane: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg no bod og hentar alle slektene i nord, seier Herren, og kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur i det, og over alle folkeslaga ikring. Eg slår dei med bann og utslettar dei, eg legg dei aude, gjer dei til spott og til evige ruinar. 10 Hos dei gjer eg ende på lyden av jubel og glede, røysta til brudgom og brur, lyden av handkvern og lyset frå lamper. 11 Heile dette landet skal bli til ruin og ørken, og desse folkeslaga skal gjera slavearbeid for kongen av Babel i sytti år.

12 Så, når sytti år er gått, vil eg straffa kongen av Babel og heile folket der for deira synd, seier Herren, og eg vil straffa kaldearlandet; eg gjer det til ein ørken for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det, alt som er skrive i denne boka, og som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga, 14 for dei òg må gjera slavearbeid for mektige folkeslag og store kongar. Slik løner eg dei for gjerningane deira og for deira henders verk.

Vreidevinen

15 Dette sa Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette begeret med vreidevin frå mi hand og skjenk av det til dei folkeslaga eg sender deg til. 16 Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17 Då tok eg begeret frå Herrens hand og skjenkte til alle folkeslaga han sende meg til: 18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og stormennene der, så dei skulle bli til ruin og øydemark, til spott og forbanning, slik det er i dag; 19 farao, kongen i Egypt, tenarane og stormennene hans og heile folket hans, 20 og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod; 21 Edom, Moab og Ammon, 22 alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet; 23 Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen; 24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen; 25 alle kongane i Simri, Elam og Media; 26 alle kongane i nord, både nære og fjerne, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Til sist skal òg kongen i Sjesjak drikka.

27 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Drikk til de blir fulle og spyr! De skal falla for sverdet eg sender imellom dykk og ikkje reisa dykk att. 28 Men om dei nektar å ta begeret frå di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Drikka skal de! 29 Sjå, først sender eg ulukke over byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar på sverdet og sender det mot alle som bur på jorda, seier Herren over hærskarane.

Høyr korleis gjetarane skrik

30 Du skal profetera for dei med alle desse orda. Du skal seia til dei:


Herren skal brøla frå det høge,

la røysta ljoma frå sin heilage bustad.

Han brøler over si beitemark,

ropar lik folk som trakkar druer,

til alle som bur på jorda.

31 Lyden når til enden av jorda.

For Herren fører sak mot folka,

alt som lever, stemner han for retten,

dei lovlause gjev han over til sverdet,

seier Herren.


32 Så seier Herren over hærskarane:

Ei ulukke skal spreia seg

frå folkeslag til folkeslag.

Ein sterk storm bryt laus

frå ytste enden av jorda.


33 Den dagen skal det liggja menneske som Herren har drepe, frå den eine enden av jorda og til den andre. Dei får inga sørgjehøgtid, dei skal ikkje bli samla eller gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.


34 Klag og skrik, de gjetarar,

velt dykk i støvet,

de herrar over flokken!

For no er tida komen då de skal slaktast.

De skal spreiast

og falla som kostesame kar.

35 Gjetarane klarer ikkje å flykta,

det er inga berging

for dei som er herrar over flokken.


36 Høyr korleis gjetarane skrik

og herrane over flokken klagar!

For Herren herjar beita deira,

37 fredelege beitemarker ligg aude

fordi Herren er brennande vreid.

38 Som ungløva har han forlate si gøymsle.

For landet dykkar blir lagt audt

av det herjande sverdet

og av hans brennande vreide.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.