Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

26

Tempeltalen

1 I byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Jojakim, son til Josjia, kom dette ordet frå Herren: 2 Så seier Herren: Still deg i føregarden til Herrens hus og tal til alle byane i Juda som kjem for å tilbe i Herrens hus. Du skal seia alle dei orda eg byd deg å seia til dei, og ikkje trekkja frå eit einaste ord! 3 Kanskje dei då ville høyra og venda om frå sine vonde vegar. Då vil eg angra det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot dei på grunn av dei vonde gjerningane deira. 4 Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og følgja den lova eg har lagt fram for dykk, 5 og høyra på orda til tenarane mine, profetane som eg har sendt dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra, 6 så skal eg gjera med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal eg gjera til forbanning for alle folkeslag på jord.

7 Prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremia seia desse orda i Herrens hus. 8 Og då Jeremia hadde sagt til folket alt det Herren hadde påbode han å seia, greip prestane og profetane og alt folket han og sa: «Du skal døy! 9 Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal leggjast i ruin så ingen kan bu her?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.

10 Då leiarane i Juda fekk høyra om dette, kom dei opp frå kongens slott til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye porten. 11 Prestane og profetane sa til leiarane og til alt folket: «Denne mannen må dømmast til døden, for han har profetert mot byen vår, slik de har høyrt det med eigne øyre.»

12 Men Jeremia sa til alle leiarane og til alt folket: « Herren har sendt meg for å profetera mot dette huset og denne byen med alle dei ord de har høyrt. 13 Og no, gjer vegane og gjerningane dykkar gode og lyd Herren dykkar Gud. Då vil Herren angra det vonde han har truga dykk med. 14 Men eg, sjå, eg er i dykkar hender. Gjer med meg slik det er rett og godt i dykkar auge. 15 Men det skal de vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod både over dykk sjølve og over denne byen og dei som bur der. For Herren har sanneleg sendt meg til dykk så eg skulle seia alle desse orda medan de høyrde på.»

16 Då sa leiarane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen må ikkje dømmast til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.» 17 Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla: 18 «Mika frå Moresjet, som profeterte i dei dagane då Hiskia var konge i Juda, sa til alt folket i Juda: Så seier Herren over hærskarane:

Sion skal pløyast til åker,

Jerusalem skal bli til ruin

og tempelberget til haugar dekte av skog.

19 Men drap Juda-kongen Hiskia og alt folket i Juda han for det? Nei, kongen frykta Herren og bad om velvilje for hans andlet. Då angra Herren det vonde han hadde truga dei med. Skal då vi gjera så mykje vondt mot oss sjølve?»

20 Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn, Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia. 21 Då kong Jojakim og alle krigarane og leiarane hans høyrde det han sa, prøvde kongen å drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt. 22 Då sende kong Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan, Akbors son, og nokre andre saman med han. 23 Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som hogg han ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til vanlege folk.

24 Men Ahikam, Sjafans son, heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.