Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

3

Landet er vanhelga

1 Om ein mann sender bort kona si

og ho går frå han og til ein annan mann,

kan han så gå tilbake til henne?

Nei, kvinna ville bli vanhelga.

Og så skulle du,

som har drive hor med mange grannar,

koma tilbake til meg!

seier Herren.


2 Lyft auga mot dei snaue høgdene og sjå!

Finst det ein stad der du ikkje lét deg ta?

Ved vegane sat du og baud deg fram

som ein nomade i ørkenen.

Du vanhelga landet

med hor og vondskap.

3 Difor vart regnskurene haldne tilbake,

og vårregnet kom ikkje.

Du hadde panna til ei hore,

og du nekta å skamma deg.

4 Sanneleg, no ropar du til meg:

«Min far, du er min ungdoms ven.

5 Vil han vera vreid til evig tid,

vil han alltid gøyma på sin harme?»

Det seier du, men du har handla vondt

og det til gagns.

Dei trulause systrene

6  Herren sa til meg i kong Josjias dagar:

Har du sett kva den fråfalne Israel har gjort? Ho gjekk opp på kvar høg haug og inn under kvart frodig tre og dreiv hor der. 7 Eg tenkte: «Når ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho koma tilbake til meg.» Men ho kom ikkje att.

Dette såg Juda, den trulause systera hennar. 8 Og ho såg at eg sende bort den fråfalne Israel fordi ho braut ekteskapet, og at eg gav henne skilsmissebrev. Den trulause systera Juda vart ikkje redd. Ho òg gjekk bort og dreiv hor. 9 Med sitt lettsindige horeliv vanhelga ho landet; ho braut ekteskapet med stein og tre. 10 Og trass i alt dette vende den trulause systera Juda ikkje attende til meg av heile sitt hjarte; ho berre lét som ho gjorde det, seier Herren.


11  Herren sa til meg: Den fråfalne Israel er meir rettferdig enn den trulause Juda. 12 Gå og rop ut desse orda mot nord:


Vend attende, du fråfalne Israel!

seier Herren.

Eg er ikkje lenger sint på dykk,

for eg er trufast,

seier Herren.

Eg er ikkje vreid til evig tid.

13 Berre innsjå di skuld.

For du har gjort opprør mot Herren din Gud.

Du baud deg fram for framande

under kvart frodig tre.

Du høyrde ikkje på mi røyst,

seier Herren.

Samlinga på Sion

14 Kom tilbake, de bortkomne søner! seier Herren. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion. 15 Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand. 16 I dei dagane, seier Herren, når de blir mange og er fruktbare i landet, skal dei ikkje lenger seia « Herrens paktkiste» og ikkje tenkja på henne. Dei skal ikkje minnast henne eller leita etter henne, og det skal ikkje lagast noka ny. 17 På den tida skal dei kalla Jerusalem for Herrens trone. Der skal alle folkeslag samla seg, i Herrens namn, i Jerusalem. Dei skal ikkje lenger følgja sitt vonde og sjølvrådige hjarte.

18 I dei dagane skal Judas hus gå i lag med Israels hus, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til eige.

Israel sannar si synd

19 Eg sa:

Eg vil setja deg mellom søner

og gje deg eit herleg land,

den prektigaste arven mellom folkeslaga.

Eg tenkte de ville kalla meg far

og ikkje venda dykk bort frå meg.

20 Men som ei kvinne er trulaus mot venen sin,

slik var de trulause mot meg, Israels hus,

seier Herren.

21 Det høyrest rop på dei snaue høgdene,

gråt og bøner frå israelittane.

For dei har gått krokete vegar,

dei har gløymt Herren sin Gud.

22 Kom tilbake, bortkomne søner,

så skal eg lækja dykkar fråfall.


«Sjå, vi kjem til deg,

for du er Herren vår Gud.

23 Sanneleg, løgn er det som kjem frå haugane,

larmen frå fjella.

Sanneleg, hos Herren vår Gud

er det frelse for Israel.

24 Skamma har ete opp

det fedrane våre streva for

heilt frå vår ungdom,

sauer og oksar,

søner og døtrer.

25 Så lat oss liggja i vår skam,

lat vanæra dekkja oss!

For mot Herren vår Gud har vi synda,

både vi og fedrane våre,

frå vår ungdom og til denne dag.

Vi har vore ulydige mot røysta til Herren vår Gud.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.