Gå til forsiden

Jeremia

30

Israel skal koma att

1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2 Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ein bokrull alle dei orda eg har tala til deg! 3 For sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vender lagnaden for mitt folk Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan eiga det.

4 Dette er orda som Herren har tala om Israel og Juda:


5 Så seier Herren:

Vi høyrer eit rop av redsle,

det er frykt, ingen fred.

6 Berre spør deg føre og sjå!

Kan ein mann føda born?

Kvifor ser eg då at alle menn

held hendene på hoftene

som fødande kvinner,

kvifor er kvart andlet

vridd og bleikt?

7 Ve! Stor er denne dagen,

han har ikkje sin like.

Det er ei trengselstid for Jakob,

men han skal koma frelst igjennom.

8 Den dagen, seier Herren over hærskarane,

skal eg bryta åket på nakken din

og slita lenkjene dine sund.

Dei skal ikkje lenger vera slavar for framande,

9 men dei skal tena Herren sin Gud

og David, kongen sin,

som eg vil reisa opp for dei.


10 Ver ikkje redd, du Jakob, min tenar,

seier Herren,

mist ikkje motet, Israel!

For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader

og ætta di frå landet der ho er fanga.

Jakob skal venda attende

og leva roleg og trygt,

og ingen skal skremma han.

11 For eg er med deg, seier Herren,

og vil frelsa deg.

Eg gjer ende på alle folkeslaga

som eg har spreidd deg imellom,

men deg gjer eg ikkje ende på.

Eg tuktar deg med rette

og lèt deg ikkje sleppa straff.


12 For så seier Herren:

Uboteleg er brotet ditt,

ulækjande er slaget.

13 Ingen fører saka di.

Det finst ikkje lækjemiddel

som får såret ditt til å gro.

14 Alle elskarane dine har gløymt deg,

dei spør ikkje lenger etter deg.

Som ein fiende har eg slege deg,

og nådelaust har eg tukta deg,

for skulda di var stor

og syndene dine mange.

15 Kvifor skrik du om brotet ditt,

om di ubotelege smerte?

Fordi skulda di er stor

og syndene dine mange,

har eg gjort dette mot deg.


16 Difor skal alle som slukte deg,

sjølve bli slukte,

alle motstandarane dine

skal takast til fange.

Og dei som plyndra deg,

skal sjølve bli plyndra;

alle som rana deg,

gjev eg til rov.

17 Eg lèt såra dine gro

og lækjer slaga du fekk, seier Herren,

du som vart kalla

Ho som er driven bort,

Sion, som ingen spør etter.


18 Så seier Herren:

Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs telt

og visa miskunn mot hans bustader.

Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug,

kvar borg skal stå på sin rette stad.

19 Frå dei skal det lyda lovsong og latter.

Eg gjer dei fleire, ikkje færre,

eg gjev dei ære, dei skal ikkje vanvørdast.

20 Borna hans skal vera som før,

forsamlinga skal stå fast for mitt andlet.

Eg vil straffa alle som undertrykkjer dei.

21 Den fremste i folket skal vera ein av deira eigne,

herskaren skal koma frå dei sjølve.

Eg lèt han koma og stiga fram for meg.

For kven vil elles gje hjartet i pant

for å nærma seg meg? seier Herren.

22 Då skal de vera mitt folk,

og eg skal vera dykkar Gud.


23 Sjå, no bryt harmen ut som eit uvêr frå Herren,

ein storm fer av stad

og kvervlar mot hovuda til dei urettferdige.

24  Herrens brennande vreide legg seg ikkje

før han har utført og sett i verk

planane i sitt hjarte.

I komande dagar

skal de få innsikt i dette.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.