Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

33

Jerusalem og Juda skal gjenreisast

1  Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han enno sat fengsla i vaktgarden: 2 Så seier Herren, som skapte jorda, Herren, som forma og grunnfeste henne, Herren er hans namn: 3 Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.

4 For så seier Herren, Israels Gud, om husa i denne byen og om husa til Juda-kongen, dei som vart rivne ned for å brukast til vern mot vollar og sverd 5 då innbyggjarane kom i strid med kaldearane og husa deira vart fylte med lik, den gongen eg slo dei ned i vreide og harme:

Eg har vendt andletet bort frå denne byen på grunn av all deira vondskap. 6 Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei. 7 Eg vender lagnaden for Juda og Israel og byggjer dei opp som i den første tid. 8 Eg reinsar dei for all skuld og tilgjev dei alle syndene og lovbrota dei gjorde mot meg. 9 Byen skal bli til ære og glede for meg, til pris og pryd mellom alle folkeslag på jord, dei skal høyra om alt det gode eg gjer for dei, og skjelva i ærefrykt for all den lukke og fred eg skaper for dei.

10 Så seier Herren: De seier at denne staden er aud, utan menneske og dyr, byane i Juda og gatene i Jerusalem er aude, ikkje eitt menneske bur der, ikkje eitt dyr, men endå ein gong skal det høyrast 11 lyd av fryd og glede, røyst av brudgom og brur, rop frå folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Takk Herren over hærskarane, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet som i den første tid, seier Herren.

12 Så seier Herren over hærskarane: På denne staden som er aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring skal det på nytt vera beite der gjetarar lèt sauene kvila. 13 I byane både i fjellandet, i låglandet og i Negev, i Benjamin-landet og i området rundt Jerusalem og i Judas byar skal saueflokkar atter gå fram under handa til han som tel dei, seier Herren.

14 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav til Israel og Juda. 15 I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet. 16 I dei dagane skal Juda bli frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette skal ho heita: « Herren, vår rettferd». 17 For så seier Herren: David skal aldri mangla ein mann til å sitja på trona i Israels hus. 18 Og levittprestane skal heller ikkje mangla menn som alltid kan vera for mitt andlet og bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og gjera i stand slaktoffer.

19  Herrens ord kom til Jeremia: 20 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, slik at dag og natt ikkje kjem til rett tid, 21 då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan vera konge på trona hans, og pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. 22 Etterkomarane av min tenar David og av levittane som gjer teneste for meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan målast.

23  Herrens ord kom til Jeremia: 24 Har du ikkje sett kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Dei vanærar folket mitt fordi dei ikkje lenger ser på det som eit folk.

25 Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve skipnader for himmel og jord, 26 vil eg støyta frå meg etterkomarane til Jakob og tenaren min David og ikkje ta nokon av dei til herskarar over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.