Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

38

Jeremia blir kasta i brønnen

1 Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjhur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjhur, son til Malkia, høyrde orda som Jeremia tala til alt folket: 2 Så seier Herren: Den som blir verande her i byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få leva. Han skal få livet sitt som krigsbytte og leva vidare. 3 Så seier Herren: Denne byen skal gjevast over til hæren til Babel-kongen, som skal ta han.

4 Leiarane sa til kongen: «Denne mannen må døy, for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar slike ord til dei. For denne mannen søkjer ikkje fred for dette folket, men ulukke.» 5 Kong Sidkia svara: «Sjå, han er i dykkar hender. For kongen kan ikkje gjera noko med dykk.» 6 Då tok dei Jeremia og kasta han i brønnen til kongssonen Malkia i vaktgarden. Dei firte han ned med tau. Det var ikkje vatn i brønnen, men gjørme, og Jeremia sokk ned i gjørma.

7 Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten. 8 Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen: 9 «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.» 10 Då sa kongen til kusjitten Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå og dra profeten Jeremia opp or brønnen før han døyr.»

11 Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn på slottet, til rommet under skattkammeret. Der henta han filler og gamle og utslitne klede og firte dei ned i brønnen til Jeremia med tau. 12 Så sa kusjitten Ebed-Melek til Jeremia: «Ta desse fillene i armholene og legg taua under armane!» Jeremia gjorde det, 13 og dei drog han opp med taua og fekk han ut or brønnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.

Siste samtalen med Sidkia

14 Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og henta han til den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til Jeremia: «Eg har noko å spørja deg om. No må du ikkje løyna noko for meg.» 15 Jeremia sa til Sidkia: «Talar eg rett ut, vil du sikkert drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.» 16 Då svor kong Sidkia i løynd for Jeremia: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss dette livet: Eg vil ikkje la deg døy og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»

17 Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til Babel-kongens hærførarar, skal du berga livet, og denne byen skal ikkje brennast ned. Både du og ditt hus skal få leva. 18 Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»

19 Kong Sidkia sa til Jeremia: «Eg er redd dei judearane som har gått over til kaldearane. Gjev dei meg over i deira hender, kjem dei til å mishandla meg.» 20 Jeremia svara: «Dei kjem ikkje til å overgje deg. Lyd berre Herrens ord som eg talar til deg, så skal det gå deg godt, og du skal få leva. 21 Men nektar du å gje deg over, så har Herren synt meg dette: 22 Sjå, alle kvinnene som var att i slottet til kongen av Juda, vart førte ut til Babel-kongens leiarar. Dei song:

Dine vener har leidd deg vill

og fått deg i si makt.

Dine føter sokk ned i gjørma,

dei trekte seg tilbake.

23 Alle kvinnene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men Babel-kongens hand skal gripa deg, og byen skal brennast ned.»

24 Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen, elles skal du døy. 25 Når leiarane får høyra at eg har snakka med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen! Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg! Kva sa kongen til deg? 26 Men då skal du svara dei: Eg bar mi bøn fram for kongen om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus for å døy der.»

27 Alle leiarane kom til Jeremia og spurde han ut, og han svara dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred, for ingen hadde høyrt noko. 28 Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.