Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

4

Bryt dykk nybrot

1 Om du kjem tilbake, Israel,

seier Herren,

om du kjem tilbake til meg,

om du fjernar

dei motbydelege gudane dine frå meg

og ikkje flakkar ikring,

2 om du sver

«så sant Herren lever»

i sanning, rett og rettferd,

då skal folkeslaga velsigna seg ved han,

ved han skal dei prisa seg lukkelege.


3 Så seier Herren til judearane

og til Jerusalem:

Bryt dykk nybrot,

ikkje så mellom klunger!

4 Omskjer dykk for Herren,

ta bort forhuda frå hjartet dykkar,

de judearar og de som bur i Jerusalem,

elles skal harmen min bryta ut som eld

og brenna utan at nokon sløkkjer,

for det vonde de har gjort.

Ulukka frå nord

5 Kunngjer dette i Juda,

lat det høyrast i Jerusalem,

blås i horn i landet,

rop høgt og sei:

Samla dykk!

Lat oss gå inn i festningsbyane!

6 Lyft banneret! Til Sion!

Berg dykk, bli ikkje ståande!

For eg sender ei ulukke frå nord,

eit stort samanbrot.

7 Ei løve stig opp frå krattet.

Ein som øydelegg folkeslag,

bryt opp og dreg ut frå sin stad

for å leggja landet ditt audt.

Byane dine skal bli til ruinar

der ingen kan bu.

8 Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!

For Herrens brennande vreide

har ikkje vendt seg frå oss.


9 Den dagen, seier Herren,

skal kongen og leiarane mista alt mot.

Prestane blir slegne av skrekk,

profetane blir mållause av redsle.

10 Eg sa: Å, min Herre og Gud!

Sanneleg, du svikta

dette folket og Jerusalem

då du sa: «De skal ha fred.»

No rører sverdet ved strupen.


11 På den tida skal det seiast

til dette folket og til Jerusalem:

Vind som brenn av hete,

kjem frå snaue høgder i ørkenen

mot folket, mi dotter.

Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,

12 ein sterkare vind kjem til meg.

No vil eg òg seia dom over dei.


13 Sjå, som skyer dreg han fram,

som stormen er vognene hans,

hestane er raskare enn ørnar.

Ve oss, for vi blir øydelagde!


14 Reins hjartet ditt for vondskap, Jerusalem,

så skal du bli frelst.

Kor lenge skal du la vonde tankar

få bu i ditt indre?


15 For ei røyst kjem med bod frå Dan,

forkynner ulukke frå Efraim-fjella.

16 Sei frå til folkeslaga: Der er dei!

Lat det høyrast over Jerusalem!

Fiendar kjem frå fjerne land,

ropet deira lyder over byane i Juda.

17 Som vakter på åkeren kringset dei henne,

for ho har sett seg opp mot meg,

seier Herren.


18 Din veg og dine gjerningar

har ført dette over deg.

Slik er din vondskap,

han er bitter,

og han råkar deg i hjartet.

Eg såg

19 Å, kroppen min, kroppen min!

Eg vrid meg i smerte.

Veggene i hjartet mitt!

Hjartet mitt skrik, eg kan ikkje teia.

Eg høyrer lyden av horn og hærrop.

20 Det blir ropa om samanbrot på samanbrot,

heile landet er øydelagt.

Brått blir telta mine øydelagde,

teltdukane på ein augneblink.

21 Kor lenge skal eg sjå banneret

og høyra lyden av horn?

22 Ja, folket mitt er dårar,

dei kjenner meg ikkje.

Dei er tåpelege born utan innsikt.

Dei er flinke til å gjera vondt,

men kan ikkje gjera godt.


23 Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom,

mot himmelen – lyset var borte.

24 Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv,

alle haugane riste.

25 Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske,

alle fuglane under himmelen var flogne.

26 Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken,

alle byar var nedrivne

av Herren, av hans brennande vreide.

Herrens plan

27 Så seier Herren:

Heile landet skal leggjast audt,

men eg skal ikkje gjera ende på det.

28 Jorda sørgjer over dette,

og himmelen mørknar over henne.

For eg har tala og lagt min plan,

eg angrar ikkje og tek han ikkje tilbake.

29 Heile byen flyktar

for ståket av ryttarar og bogeskyttarar.

Dei går inn i krattskogen

og klatrar opp på knausane.

Kvar by er forlaten,

det er ingen som bur i dei.

Ropet frå dotter Sion

30 Du som er øydelagd, kva vil du gjera?

Om du kler deg i skarlak,

om du pyntar deg med gullsmykke,

om du gjer auga store med sminke,

gjer du deg vakker til fånyttes.

Dei som lengta etter deg, har forkasta deg,

no står dei deg etter livet.


31 Eg høyrer rop som frå ei kvinne med rier,

eit skrik som når ho føder for første gong.

Det er ropet frå dotter Sion,

ho gispar etter luft

og strekkjer hendene ut:

«Ve meg,

eg fell om framfor mordarar!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.