Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

44

Jeremia som domsprofet i Egypt

1 Dette ordet kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Tahpanhes, Nof og Patros:

2 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De har sjølve sett alt det vonde eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. Sjå, i dag ligg dei aude, og ingen bur i dei. 3 Det er fordi dei gjorde så mykje vondt, dei gjorde meg rasande då dei gjekk og tende offereld for å dyrka andre gudar som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent. 4 Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg for å seia: «Gjer ikkje dette avskyelege som eg hatar!» 5 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til så dei kunne venda om frå vondskapen sin og halda opp med å tenna offereld for andre gudar. 6 Difor auste eg harmen og vreiden min ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem så dei vart til ruinar og ørken, som dei er i dag.

7 Og no seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Kvifor gjer de så mykje vondt mot dykk sjølve? De ryddar ut menn og kvinner, born og spedborn frå Juda så de ikkje har nokon rest att. 8 De gjer meg rasande med det de lagar med eigne hender; de tenner offereld for andre gudar i Egypt, dit de fór for å bu der som innflyttarar. Slik ryddar de dykk sjølve ut og blir til forbanning og spott mellom alle folkeslag på jorda. 9 Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar, kongane i Juda og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de sjølve og dykkar eigne kvinner har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem? 10 Dei har ikkje audmjuka seg til denne dag. Dei er ikkje redde og har ikkje følgt mi lov og mine forskrifter, som eg har lagt fram for dykk og fedrane dykkar.

11 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no vender eg andletet mot dykk til det vonde, for å rydda ut heile Juda. 12 Eg tek resten av folket i Juda, dei som vende andletet mot Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar. I Egypt skal dei mista livet, alle saman, falla for sverd, mista livet av svolt. Både små og store skal døy for sverd og svolt. Dei skal bli til eit banneord og ei gru, til forbanning og spott. 13 Eg vil straffa dei som bur i Egypt, slik eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest. 14 Frå resten av Juda, dei som kom til Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar, skal ingen sleppa unna og overleva så dei kan koma tilbake. Dei skal lengta etter å koma heim til Juda og bu der att, men ingen skal koma heim, berre nokre få slepp unna.

15 Då tok dei til orde mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira tende offereld for andre gudar, alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros: 16 «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på. 17 Nei, vi vil halda kvart ord som har kome frå vår munn, tenna offereld for Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, slik vi og fedrane våre, kongane og leiarane våre gjorde i Judas byar og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok, det gjekk oss godt, og vi opplevde ikkje noko vondt. 18 Men sidan vi heldt opp med å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, har vi mangla alt; vi mistar livet ved sverd og svolt.» 19 Kvinnene sa: «Når vi tenner offereld for Himmeldronninga og auser ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar bilete og auser ut drikkoffer for henne?»

20 Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til orde mot han: 21 Visst tende de offereld i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de sjølve og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet. Og Herren hugsa det, det var i tankane hans. 22  Herren kunne ikkje lenger tola dei vonde gjerningane og det avskyelege de gjorde. Så vart landet dykkar til ruinar, øydemark og forbanning så ingen kunne bu der, slik det er i dag. 23 Fordi de tende offereld og synda mot Herren, og fordi de ikkje ville lyda han og ikkje følgja hans lov og forskrifter og bod, har denne ulukka ramma dykk, slik ein kan sjå i dag.

24 Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de frå Juda som er i Egypt! 25 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har oppfylt med hendene det de lova med munnen: «Vi vil halda lovnadene vi har gjeve om å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne.» Ja, oppfyll no lovnadene dykkar og gjer alt de har lova! 26 Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!» 27 Sjå, eg vaker over dei til det vonde og ikkje til det gode. Kvar einaste judear i Egypt skal mista livet ved sverd og svolt, til det er ute med dei. 28 Berre nokre få skal sleppa unna sverdet og koma tilbake til Juda frå Egypt. Då skal resten av Juda som fór til Egypt for å slå seg ned der som framande, få kjenna kva ord som blir ståande, mitt eller deira. 29 Og dette skal de ha til teikn, seier Herren, på at eg vil krevja dykk til rekneskap på denne staden, for at de skal kjenna at mine ord mot dykk står ved lag – til det vonde. 30 Så seier Herren: Sjå, eg gjev farao Hofra, kongen av Egypt, i hendene på fiendane hans, på dei som står han etter livet, slik eg gav kong Sidkia av Juda i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, som var fienden hans og stod han etter livet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.