Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jeremia

46

Egypt

1  Herrens ord som kom til profeten Jeremia om folkeslaga.


2 Om Egypt.

Om hæren til farao Neko, kongen i Egypt, som stod ved Karkemisj ved elva Eufrat, og som vart slegen av Babel-kongen Nebukadnesar i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:


3 Gjer rundskjold og langskjold i stand

og rykk ut til strid!

4 Sel på, stig til hest, de ryttarar,

still opp med hjelmane på,

gjer spyda blanke, ta brynjene på!

5 Men kva må eg sjå?

Dei blir gripne av skrekk

og trekkjer seg tilbake.

Krigarane deira blir slegne,

dei flyktar utan å sjå seg tilbake.

Redsle rår på alle kantar,

seier Herren.

6 Den raske kan ikkje flykta,

krigaren kan ikkje berga seg.

Der nord, ved bredda av Eufrat,

der snublar dei og fell.


7 Kven er det som stig lik Nilen,

lik elvar der vatnet fløymer?

8 Det er Egypt som stig lik Nilen,

lik elvar der vatnet fløymer.

Det sa: «Eg vil stiga og løyna jorda,

gjera ende på byar og dei som bur der.

9 Fram, hestar! Av stad, vogner!

Krigarar skal rykkja ut,

Kusj og Put som ber skjold,

og dei frå Lud som spenner bogen!»

10 Den dagen er ein hemnens dag

for Herren, allhærs Gud,

han tek hemn over motstandarane.

Sverdet får eta seg mett

og drikka seg utørst på blod.

Det er offerslakting

for Herren, allhærs Gud,

i landet der nord ved Eufrat.


11 Dra opp til Gilead, du jomfru,

hent balsam, du dotter Egypt!

Kvart lækjemiddel er til fånyttes,

såret ditt vil ikkje gro.

12 Folkeslag høyrer om di skam,

klageropet ditt fyller jorda.

Den eine krigaren snublar over den andre,

saman fell dei begge.


13 Ordet som Herren tala til profeten Jeremia då kong Nebukadnesar av Babel kom for å slå Egypt:


14 Kunngjer det i Egypt,

lat det høyrast i Migdol,

lat det høyrast i Nof og Tahpanhes!

Sei: Still opp og gjer deg klar!

For sverdet øyder rundt ikring deg.

15 Kvifor flykta Apis, din sterke okse?

Han kunne ikkje stå imot,

for Herren har drive han bort.

16 Han fekk mange til å snubla,

ja, dei fall over kvarandre.

Då sa dei:

«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,

til landet der vi er fødde,

bort frå det herjande sverdet!»

17 Der skal dei gje farao, kongen i Egypt,

namnet «Krigslarm som kom for seint».


18 Så sant eg lever, seier Kongen

Herren over hærskarane er hans namn:

Som Tabor mellom fjella kjem han,

som Karmel ute ved havet.

19 Pakk tinga dine for eksil,

du som bur hos dotter Egypt.

For Nof skal bli til ei øydemark,

lagd i øyde så ingen kan bu der.


20 Egypt er ei prektig kvige,

men ein klegg frå nord

slår seg ned på henne.

21 Leigesoldatane hennar

er som gjødde kalvar,

dei snur om og flyktar saman,

dei held ikkje ut.

For over dei er ulukkedagen komen,

rekneskapens tid.

22 Ho kveser lik ein slange som glir bort,

for dei rykkjer fram med ein hær.

Dei kjem mot henne med øksar

som tømmerhoggarar.

23 Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,

han har vorte for tett.

Dei er fleire enn grashopper,

dei er utan tal.

24 Dotter Egypt blir til skamme,

ho blir overgjeven til folket i nord.


25  Herren over hærskarane, Israels Gud, seier: No vil eg straffa Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han. 26 Eg gjev dei i hendene på dei som står dei etter livet, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel og tenarane hans. Men sidan skal ho bu i landet som i gamle dagar, seier Herren.


27 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

seier Herren,

mist ikkje motet, Israel!

For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader

og ætta di frå landet der ho er fanga.

Jakob skal venda attende

og leva roleg og trygt,

og ingen skal skremma han.

28 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

seier Herren,

for eg er med deg.

Eg gjer ende på alle folkeslaga

som eg har drive deg bort til,

men deg gjer eg ikkje ende på.

Eg tuktar deg med rette

og lèt deg ikkje sleppa straff.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.