Filistrane
1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.
2 Så seier Herren:
Sjå, vatnet stig frå nord
og blir til ei fløymande elv,
ho fløymer over landet og alt som fyller det,
byane og dei som der bur.
Menneska skrik,
alle som bur i landet, jamrar.
3 For dei høyrer hovslag frå sterke hestar,
vogner som ramlar og hjul som dundrar.
Fedrane ser seg ikkje om etter borna,
hendene er slappe.
4 For no er dagen komen
då filistrane skal øydeleggjast,
då alle i Tyros og Sidon
som slapp unna og kunne hjelpa,
skal ryddast ut.
For Herren øydelegg filistrane,
dei som er att frå Kaftor-kysten.
5 Gaza er raka snau,
Asjkalon har tagna.
Du som er att i dalen,
kor lenge vil du rispa deg opp?
6 Å, du Herrens sverd,
kor lenge skal det vara
før du fell til ro?
Trekk deg inn att i slira,
kvil og ver stille!
7 Korleis kan det falla til ro
når Herren har kalla det ut?
Han har sendt det til Asjkalon og til kysten.