Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jeremia

8 

1 På den tid, seier Herren, skal dei ta knoklane av Juda-kongane, knoklane av leiarane, knoklane av prestane, knoklane av profetane og knoklane av innbyggjarane i Jerusalem ut or gravene 2 og spreia dei ut for sola og månen og heile himmelens hær, som dei elska, som dei dyrka, som dei følgde, som dei spurde til råds, og som dei tilbad. Dei skal ikkje bli samla og gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda. 3 Men dei vel døden framfor livet, heile den resten som er att av denne vonde slekta på alle dei stadene eg har drive dei bort til, seier Herren over hærskarane.

Fråfall og dom

4 Du skal seia til dei: Så seier Herren:


Kven er det som fell og ikkje reiser seg att?

Eller går bort og ikkje kjem att?

5 Kvifor har dette folket vendt seg bort?

Kvifor vender Jerusalem seg alltid bort?

Dei held fast ved sitt svik

og nektar å venda om.

6 Eg har lytta og høyrt etter.

Det er ikkje sant, det dei seier.

Ingen angrar sin vondskap

og seier: «Kva har eg gjort!»

Alle spring bort

slik ein hest stormar fram i strid.

7 Jamvel storken under himmelen

kjenner sine faste tider,

og turteldua, svala og trasta

passar tida då dei skal koma.

Men folket mitt kjenner ikkje Herrens lov.


8 Korleis kan de seia: «Vi er vise,

vi har Herrens lov hos oss»?

Sjå, den falske pennen til skrivaren

har forfalska henne.

9 Dei vise blir til skamme,

dei blir slegne av redsle og fanga.

Dei har jo forkasta Herrens ord.

Kva er då deira visdom?

10 Difor gjev eg konene deira til andre

og markene deira til nye eigarar.

For alle saman,

små og store,

skaffar seg urett vinning.

Profet og prest,

alle fer med svik.

11 Lettvint lækjer dei brotet hos folket, mi dotter.

Dei seier: «Fred, fred!»

men det er ikkje fred.

12 Dei skal bli til skamme,

for dei har gjort avskyelege ting.

Likevel skjemmest dei ikkje,

veit ikkje kva vanære er.

Difor skal dei falla mellom dei som er falne.

Den timen eg krev rekneskap,

skal dei snubla, seier Herren.


13 No vil eg samla dei inn,

seier Herren.

Det finst ikkje druer på vinranka

og ikkje fiken på fikentreet,

lauvet er visna.

Det eg har gjeve dei,

er borte.

Fienden kjem

14 Kvifor blir vi sitjande?

Samla dykk!

Lat oss gå inn i festningsbyane

og gå til grunne der!

For Herren vår Gud lèt oss gå til grunne,

han gjev oss giftig vatn å drikka,

for vi har synda mot Herren.

15 Vi vona på fred,

men det finst ikkje noko godt,

på ei tid for lækjedom,

men sjå, det er redsle.

16 Frå Dan høyrest frøsande hestar.

Når hingstane vrinskar,

skjelv heile landet.

Dei kjem,

dei et opp landet

og alt som fyller det,

byen og dei som bur der.

17 Sjå, eg sender slangar mot dykk,

giftige ormar som ingen kan mana bort.

Dei skal bita dykk,

seier Herren.

Profeten lid med folket sitt

18 Ulækjeleg sorg kjem over meg,

hjartet mitt er sjukt.

19 Høyr skriket til folket, mi dotter,

frå eit land langt borte!

Er ikkje Herren på Sion?

Er ikkje kongen hennar der?

Kvifor har dei krenkt meg

med gudebileta sine,

med framande og tomme gudar?

20 Innhaustinga er over,

sommaren er slutt,

men vi har ikkje vorte berga.

21 Eg er nedbroten,

for folket, mi dotter,

har brote saman,

det svartnar for meg,

gru har gripe meg.

22 Finst det ikkje balsam i Gilead?

Er det ingen lege der?

Kvifor blir ikkje folket, mi dotter, lækt?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.