Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Evangeliet etter Johannes

1

Ordet vart menneske

1 I opphavet var Ordet,

Ordet var hos Gud,

og Ordet var Gud.


2 Han var i opphavet hos Gud.

3 Alt vart til ved han,

og utan han vart ikkje noko til.


Det som vart til 4 i han, var liv,

og livet var lyset for menneska.

5 Lyset skin i mørkret,

og mørkret har ikkje overvunne det.


6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.


9 Det sanne lyset,

som lyser for kvart menneske,

kom no til verda.


10 Han var i verda,

og verda vart til ved han,

og verda kjende han ikkje.


11 Han kom til sitt eige,

og hans eigne tok ikkje imot han.

12 Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje

og ikkje av manns vilje,

men av Gud.


14 Og Ordet vart menneske

og tok bustad mellom oss.

Og vi såg hans herlegdom,

ein herlegdom som den einborne Sonen

har frå Far sin,

full av nåde og sanning.


15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»


16 Av hans overflod har vi alle fått,

nåde over nåde.

17 For lova vart gjeven ved Moses,

nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.


18 Ingen har nokon gong sett Gud,

men den einborne, som er Gud,

og som er i fanget til Far,

han har synt oss kven han er.

Døyparen vitnar

19 Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?» 20 Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han. 22 «Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa:

«Eg er ei røyst som ropar i øydemarka:

Gjer Herrens veg bein,

som profeten Jesaja har sagt.»

24 Nokre av dei som var utsende, var farisearar, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» 28 Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

Dei første læresveinane

35 Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38 Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39 «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

40 Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41 Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42 Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

43 Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44 Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45 Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46 «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. 47 Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48 «Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49 Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» 50 «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» 51 Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.